Fleire tusen aksjeselskap risikerer tvangsoppløysing
Nærmare 30 000 aksjeselskap risikerer tvangsoppløysing
dersom dei ikkje aukar aksjekapitalen til det lovbestemte
minstekravet på 100 000 kroner innan årsskiftet.
Pr. 15. september var det framleis 28 472 selskap som ikkje
oppfylte kravet til aksjekapital. Føretaksregisteret
fryktar at ein stor del av desse selskapa går mot tvangsavvikling.
Går tregt
I den nye aksjelova, som tok til å gjelde 1. januar
1999, blei kravet til aksjekapital oppjustert frå 50
000 kroner til 100 000 kroner. Den gongen var det i overkant
av 85 000 aksjeselskap som hadde mindre aksjekapital enn 100
000 kroner. Desse selskapa hadde fem år på seg
til å auke kapitalen. Ved årsskiftet 2002/2003
var det i underkant av 40 000 selskap som enno ikkje hadde
auka kapitalen. Sidan årsskiftet har det gått
tregt, berre 11 000 selskap har til no i år fått
aksjekapitalauken på plass.
Prosessen tek tid
Underdirektør Jostein Dyrkorn ved Føretaksregisteret
understrekar at det tek til å haste for selskapa som
enno ikkje har innfridd kapitalkravet.
- Dersom desse selskapa framleis skal vere med og unngå
tvangsoppløysing, må arbeidet med kapitalauken
kome i gang så snart som mogeleg. Hausten går
fort og prosessen tek tid. Dei selskapa som ikkje fekk vedteke
kapitalauken på den ordinære generalforsamlinga,
må halde ny generalforsamling, og for etternølarane
tek tida til å renne ut, seier Jostein Dyrkorn.
Viktig for å bli teke seriøst
- Eg oppmodar alle etternølarane til å ordne
opp, ikkje minst for å unngå vanskar for dei sjølve,
og unngå at ein tidkrevjande prosess med tvangsoppløysing
blir sett i gang. Dessutan er det viktig å tenkje på
at skal ein bli teken seriøst av bankar og samarbeidspartnerar,
er det viktig å ha dei formelle sidene ved selskapet
i orden.
For Føretaksregisteret sin del er det også viktig
at vi får inn meldingane om kapitalauke til behandling
så raskt som mogeleg slik at meldingane ikkje hopar
seg opp mot slutten av året, seier underdirektør
Jostein Dyrkorn.
Aksjeselskap som pr. 15. september ikkje har oppfylt kravet
i aksjelova krav om å auke aksjekapitalen til 100 000
kroner.
|
Fylke
|
Mengd
|
|
Østfold
|
|
|
Akershus
|
|
|
Oslo
|
|
|
Hedmark
|
|
|
Oppland
|
|
|
Buskerud
|
|
|
Vestfold
|
|
|
Telemark
|
|
|
Aust-Agder
|
|
|
Vest-Agder
|
|
|
Rogaland
|
|
|
Hordaland
|
|
|
Sogn og Fjordane
|
|
|
Møre og Romsdal
|
|
|
Sør-Trøndelag
|
|
|
Nord-Trøndelag
|
|
|
Nordland
|
|
|
Troms
|
|
|
Finnmark
|
|
|
Ishavsøyane
|
|
|
Totalt
|
|
.
|