Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Pressemelding 11.04.2003

Bokmål

Rekneskapsregisteret i Brønnøysund

563 aksjeselskap til tingretten

I dag går det ut varselbrev frå Rekneskapsregisteret i Brønnøysund til tingrettane over heile landet. Tingrettane må no ta stilling til tvangsoppløysing av 563 aksjeselskap som ikkje har sendt inn årsrekneskap for 2001 til Rekneskapsregisteret då siste fristen gjekk ut, 2. april.

Talet på aksjeselskap som blir sende til tingretten, held seg forholdsvis stabilt frå år til år. Dei 563 selskapa som ikkje har oppfylt pliktene sine, utgjer berre 0,4 prosent av dei 141 298 innsendingspliktige aksjeselskapa, og det er ein stor nedgang frå i fjor. Då var det 617 selskap, eller 0,45 prosent, som ikkje overheldt plikta til å sende inn årsrekneskap.
- Dei aller fleste selskapa er pliktoppfyllande og gjer det dei skal. Det må vi kunne seie oss godt fornøgde med, sjølv om det aldri er hyggjeleg å sende nokre hundre selskap til tingretten for brot på rekneskapslova, seier leiar for Rekneskapsregisteret, Hilde Majala.

Mange blir tvangsoppløyste

Fristen for å sende inn årsrekneskapen for 2001 gjekk ut 1. august i fjor. Pr. 1. mars i år mangla framleis 1074 årsrekneskapar frå innsendingspliktige aksjeselskap. Rekneskapsregisteret sette 2. april som ein absolutt siste frist for desse selskapa til å rydje opp. Då fristen gjekk ut, mangla framleis årsrekneskapane frå 563 aksjeselskap.
Erfaring frå tidlegare år tilseier at dei fleste selskapa som blir sende til tingretten endar med å bli tvangsoppløyst. I 2002 blei 56,9 prosent av selskapa tvangsoppløyste, mens 28 prosent av etternølarane omsider fekk sendt inn årsrekneskap og slapp tvangsoppløysing. I 12,3 prosent av selskapa var det opna konkurs, mens 1,1 prosent hadde meldt frivillig oppløysing. 1,6 prosent var ved årsskiftet under behandling i tingretten.

Styremedlemer må betale

Selskap som ikkje sender inn årsrekneskap innan 1. august, blir ilagd forseinkingsgebyr som aukar veke for veke. Gebyret var pr. 10. april kome opp i 58 210 kroner. Det er inga grense for kor lenge forseinkingsgebyret kan løpe. Gebyret aukar med 2 100 kroner (tre rettsgebyr) pr. veke inntil komplett årsrekneskap er motteken av Rekneskapsregisteret eller selskapet er vedteke tvangsoppløyst av tingretten. Styremedlemene i selskapa er solidarisk ansvarlege for å betale dersom selskapet ikkje betaler forseinkingsgebyret.


Viktig informasjon

Årsrekneskapane inneheld viktig informasjon som skal vere tilgjengeleg for allmenta. Ved Rekneskapsregisteret i Brønnøysund blir årsrekneskap, årsmelding, notar til rekneskap og revisjonsmelding lagra elektronisk i ti år. Kven som helst kan vende seg til Brønnøysundregistra og få årsrekneskap tilsend. No kan brukarane velje blant 1,3 millionar årsrekneskap frå dei siste 10 åra, anten ved nedlasting frå
Internett til eigen PC, via den automatiske "Brønnøysundfaksen", eller ved å kontakte Brønnøysundregistra og få rekneskapane tilsende i posten.

 

Oversending til tingretten for rekneskapsåret 2001 (2000)

Fylke
Rekneskapsåret 2001
Rekneskapsåret 2000

Østfold

16

27

Akershus

55

83

Oslo

237

201

Hedmark

10

13

Oppland

6

11

Buskerud

22

28

Vestfold

25

29

Telemark

9

6

Aust-Agder

0

6

Vest-Agder

6

8

Rogaland

20

34

Hordaland

55

60

Sogn og Fjordane

9

3

Møre og Romsdal

24

17

Sør-Trøndelag

22

27

Nord-Trøndelag

6

12

Nordland

21

22

Troms

9

15

Finnmark

11

15

Totalt

563

617

Totalt innsendingspliktige AS og ASA

141 298

137 700

Andel selskap til tingretten

0,40 %

0,45 %

 

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673