Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Pressemelding 14.11.2002

Bokmål

Ny teneste frå Brønnøysundregistra:

1,3 millionar årsrekneskap på Internett

Om lag 1,3 millionar årsrekneskap frå dei ti siste rekneskapsåra er nå tilgjengelege for nedlasting frå Brønnøysundregistra sine Internettsider.

- Internett er for lengst blitt den største kanalen for å gi publikum tilgang til informasjonen frå registra våre. Mange tenester har vore tilgjengelege lenge, men å gjere årsrekneskap tilgjengelege for nedlasting frå internettsidene våre er ein milestolpe i denne utviklinga, seier avdelingsdirektør Geir Ebbesen ved Brønnøysundregistra.

Nye og gamle rekneskap

Frå byrjinga av juli har det vore mogeleg å søkje i elektronisk innleverte årsrekneskap. For rekneskapsåra 2001 gjeld det berre vel 1 600 av om lag 155 000 innsende årsrekneskap. Dei rundt 1,3 millionar rekneskapane som er sende inn på papir dei siste ti åra har ikkje vore tilgjengelege på Internett før nå.

Rekneskapsregisteret i Brønnøysund mottek kvart år årsrekneskap frå norske føretak og gjer dei tilgjengelege for ålmenta. Årsrekneskapane inneheld viktig informasjon som skal vere tilgjengeleg, og selskap som ikkje overheld plikta til å sende inn rekneskapen, risikerer forseinkingsgebyr og tvangsoppløysing.

Biletfiler

I meir enn ti år har Rekneskapsregisteret skanna inn kvar einaste side i årsrekneskap, notar og meldingar som er sende inn til Brønnøysundregistra. Årsrekneskapane er lagra som komprimerte biletfiler på store harddiskar. Det er denne lagringsmetoden som gjer det mogeleg å tilby nedlasting av årsrekneskapane over Internett.

Årsrekneskapane blir gjorde tilgjengelege for nedlasting i Portable Document Format (PDF), eit utbreidd format for utveksling av dokument på Internett. I tillegg til at det er eit format dei fleste kan bruke, gjer PDF-formatet også at filene som blir overførde blir små. For årsrekneskap med mange sider er det likevel snakk om forholdsvis store datamengder.

Elektroniske fordelar

Mange har blitt vane med å bruke den automatiske Brønnøysundfaksen til å hente ut rekneskap frå Brønnøysundregistra. Håpet er at tilbodet om å laste ned årsrekneskap på Internett etter kvart vil overta for både faks og vanleg postsending.

- Blant fordelane ved å laste årsrekneskapane ned frå Internett er at ein får rask tilgang til informasjonen og at rekneskapane kan lagrast elektronisk i staden for på papir. I tillegg er ikkje tenesta avhengig av opningstider - årsrekneskapane kan lastast ned 24 timar i døgnet sju dagar i veka, seier Geir Ebbesen.


Til redaksjonen:

For ytterlegare informasjon, ta kontakt med avdelingsdirektør for Opplysningsavdelinga, Geir Ebbesen på telefon 75 00 76 13 eller informasjonssjef Dagfinn Torgersen på telefon 75 00 78 03.

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673