Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Pressemelding 19.04.2002

Bokmål

Dei første tala frå det nye Arbeidsformidlings- og utleigeregisteret:

103 000 arbeidstakarar leigde ut eller formidla i 2001

103 507 arbeidstakarar frå 225 forskjellige yrkesgrupper blei leigde ut eller formidla i 2001. Det viser tal som 286 bedrifter har sendt inn til det drygt eitt år gamle Arbeidsformidlings- og utleigeregisteret i Brønnøysund.

Ikkje overraskande er det yrke innan kontorfag som dominerer på utleigemarknaden for arbeidskraft. 28 300 arbeidstakarar innan kontorrelaterte yrke blei leigde ut i løpet av fjoråret. Desse er fordelte på yrkeskodebeskrivingane kontormedarbeidarar, sekretærar, økonomimedarbeidarar/revisjonsassistentar, andre talbehandlarar, puncheoperatørar og sentralbordoperatørar. Lagermedarbeidarar og materialforvaltarar er ei anna stor gruppe, med over 10 000 utleigde arbeidstakarar.

Bygg og anleggsbransjen og helsesektoren

Innan byggje- og anleggsbransjen blei om lag 3 350 arbeidstakarar formidla eller leigde ut. I tillegg til tradisjonelle handverksfag som mellom anna murarar, jernbindarar og tømrarar er det her rekna med 1 491 hjelpearbeidarar innan bygg, anlegg, vedlikehald og liknande pluss 262 bygningsingeniørar og -teknikarar. I overkant av 4 000 personar blei formidla eller leigde ut til yrke innan skipsfart.
Innan helsesektoren er det leigt ut eller formidla 670 sjukepleiarar, 392 spesialsjukepleiarar/jordmødrer, 262 omsorgsarbeidarar og hjelpepleiarar og 385 legar. Medpro AS er størst innan formidling av legar, mens Adecco Norge AS er størst når det gjeld utleige av sjukepleiarar, følgd av Activecare AS og Helsenor Personal AS.

Få lærarar

Berre 35 grunnskolelærarar, fem førskolelærarar og ni yrkesfaglege lærarar/faglærarar i den vidaregåande skolen blei leigde ut i 2001. Heller ikkje lærarar med høgare utdanning blei leigde ut i stort tal.Berre ein universitets-/høgskolelektor, sju adjunktar/lektorar i vidaregåande skole og fem andre lærarar med minst fire års universitets- eller høgskoleutdanning er å finne i statistikken. Derimot er 368 arbeidstakarar leigde ut under yrkesbeskrivinga "andre yrke innan undervisning og pedagogisk arbeid". Men dette gjeld i hovudsak edb-opplæring innan næringslivet.

Manpower og Adecco størst

Rekna etter talet på utleigde arbeidstakarar, er Manpower AS klart størst, med 22 371 personar, følgt av Adecco Norge AS med 17 505 arbeidstakarar. Sortert etter talet på utleigeoppdrag kjem likevel Adecco Norge best ut, med 49 834 oppdrag mot Manpower sine 43 411. Aetat Arbeidsdirektoratet er tredje størst på utleigemarknaden, med 10 738 oppdrag fordelte på 4 281 personar.

Ikkje alle er med

Alle som driv formidling eller utleige av arbeidskraft skal kvart år sende ein rapport om denne aktiviteten til Arbeidsformidlings- og utleigeregisteret innan 31. januar. I rapporten skal ein gi opplysningar om talet på utførte utleige-/formidlingsoppdrag og mengda av utleigde og formidla personar - totalt og fordelte på ulike yrkesgrupper.
To månader etter at fristen gjekk ut hadde berre 74 prosent av dei innsendingspliktige (286 av 387 einingar) sendt inn årsrapporten for 2001.

Bakgrunnen for Arbeidsformidlings- og utleigeregisteret

20. desember 2000 fastsette Arbeids- og administrasjonsdepartementet ei forskrift der ansvaret for eit register over einingar som driv formidling og/eller utleige av arbeidskraft blei lagd til Brønnøysundregistra. Aetat hadde fått i oppgåve å føre eit slikt register frå 1. juli 2000, men ønskte at Brønnøysundregistra skulle overta drifta av og tilsynet med registeret. Ein av føremonane ved å leggje registeret til Brønnøysundregistra, var at einingane i Arbeidsformidlings- og utleigeregisteret allereie er registrerte i Einingsregisteret. Etter ein rask prosess, var det nye registeret på plass frå 1. januar 2001.

Lite register

Per 31.12.2001 var 387 einingar registrerte i Arbeidsformidlings- og utleigeregisteret. Potensialet for registeret er truleg fleire enn 700 einingar. Anslaget byggjer på mengda av einingar i Einingsregisteret som står oppførte med næringskode 74501 "formidling av arbeidskraft" eller næringskode 74502 "utleige av arbeidskraft". Einingar som står oppførte under desse næringskodane er potensielle registreringspliktige i Arbeidsformidlings- og utleigeregisteret. Det kan óg gjelde einingar som står registrerte under ein annan næringskode, men som i tillegg driv med formidling/utleige av arbeidskraft.


Til redaksjonen:

Eventuelle spørsmål som gjeld Arbeidsformidlings- og utleigeregisteret kan stillast til:

Ketil Ingebrigtsen
Avdelingsdirektør
Næringsavdelinga
Tlf: 75 00 77 45



Utleigde og formidla arbeidstakarar i 2001

(basert på innsende årsrapportar til Arbeidsformidlings- og utleigeregisteret)

Beskrivelse av yrke

Antal personar

Kontormedarbeidar

18 551

Songarar og musikarar i underhaldningsbransjen

10 975

Lagermedarbeidarar og materialforvaltarar

10 136

Dirigentar, komponistar, musikarar og songarar

7 822

Økonomimedarbeidarar og revisjonsassistentar

4 681

Butikkmedarbeidarar o.l.

4 014

Hjelpearbeidarar innan industri

3 399

Reinhaldspersonale i bedrifter o.l.

2 943

Andre tallbehandlarar

2 299

Andre dyreoppdrettarar og røktarar

2 202

Hovmeistrar, servitørar og barkeeperar

2 140

Kokkar

2 076

Maskinmannskap (skip)

1 900

Dekksmannskap (skip)

1 597

Kundebehandlarar (banktenester)

1 560

Kjøkken- og anretningsassistentar

1 514

Hjelpearbeidarar innan bygg, anlegg, vedlikehald o.l.

1 491

Ikkje oppgitt eller yrke som ikkje kan identifiserast

1 414

Dataingeniørar og -teknikarar

1 344

Sekretærar

1 289

Resepsjonistar og opplysningsmedarbeidarar

1 147

Dør- og telefonseljarar

1 059

Sentralbordoperatørar

1 024

Andre ingeniørar og teknikarar

934

Kunde-/personalkonsulentar (vikarbyrå)

907

Andre (inneheld 200 forskjellige yrkeskodar)

15 089

TOTALT

103 507

 

Dei største selskapa innan utleige av arbeidskraft

Namn på eininga

Antal formidl.oppdrag

Antal
utleigeoppdrag

Antal personar

Manpower AS

457

43 411

22 371

Adecco Norge AS

 

49 834

17 505

Aetat Arbeidsdirektoratet

 

10 738

4 281

Kelly Services Norge AS

 

4 209

4 209

Euromusic AS

904

 

3 687

Proffice AS

310

6 026

3 351

OSM Norway AS

 

180

3 021

Top Temp AS

 

2 450

2 450

Temp Team AS

315

5 000

2 298

Bankpower AS

38

3 659

2 287

Artistguiden Bråthen

861

 

1 980

Stageway Artist AS

230

 

1 447

Arpi Allianse AS

 

350

1 243

273 andre einingar

3 115

125 857

70 130

TOTALT

19 062

155 455

103 734

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673