Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Pressemelding 20.03.2002

Bokmål

1060 selskap i fare for tvangsoppløysing

Pr. 1. mars 2002 hadde 1 060 innsendingspliktige selskap enno ikkje sendt inn årsrekneskapen for rekneskapsåret 2000. Rekneskapsregisteret i Brønnøysund har gitt selskapa ein siste frist til 10. april til å sende inn ein komplett rekneskap. Dersom fristen ikkje blir overheldt, vil skifteretten bli varsla og selskapa kan bli tvangsoppløyste. Oversikt over kva aksjeselskap som ikkje har sendt inn årsrekneskapen, vil bli offentleggjord på http://www.brreg.no/oppslag/kunngjoring.html, i Norsk lysingsblad og i aktuelle lokalaviser den 20. mars.

– Fristen for å sende inn årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding for rekneskapsåra 2000 gjekk ut 1. august 2001. Etter fleire purringar er det framleis 1 060 selskap av 137 700 innsendingspliktige som ikkje har sendt inn årsrekneskapen innan 1. mars. Desse selskapa vil no få ein absolutt siste frist, 10. april, for å ordne opp slik at ein unngår ei eventuell tvangsoppløysing av selskapa, seier kontorsjef Hilde Majala i Rekneskapsregisteret.

Auke frå i fjor

Talet på selskap som ikkje overheld innsendingsfristen har auka i forhold til i fjor. Da mangla 972 årsrekneskapar mot 1 060 i år, ein auke frå 0,72 prosent til 0,77 prosent av alle innsendingspliktige.
– Dette tyder at over 99 prosent av alle årsrekneskapane for 2000 er tilgjengelege i Rekneskapsregisteret. Grunnen til at det blir brukt så mykje ressursar på å få inn årsrekneskapane, er at dei inneheld viktig informasjon som er av offentleg interesse. Derfor har styresmaktene bestemt at årsrekneskapane skal vere tilgjengelege frå Regnskapsregisteret slik at alle interesserte kan få innsyn, seier Hilde Majala.

Forseinkingsgebyret aukar

Etter lova er eit aksjeselskap pålagt å sende inn ein komplett årsrekneskap til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund innan ein månad etter at han er vedteken av generalforsamlinga til selskapet, og seinast innan 1. august. Er ikkje årsrekneskapen sendt inn og godkjend innan denne fristen, må selskapet betale eit forseinkingsgebyr.
Pr. 20. mars er forseinkingsgebyret kome opp i 50 275 kroner, og vil auke med 2 010 kroner pr. veke. Forseinkingsgebyret løper inntil selskapet har sendt inn og fått godkjend årsrekneskapen, har fått godkjend melding om sletting i Føretaksregisteret eller skifteretten har treft rettsavgjerd om tvangsoppløysing.


Til redaksjonen:

Nedanfor finn de fylkesvis oversikt over dei selskapa som vil få kunngjort varsel om tvangsavvikling for rekneskapsåret 2000 i Norsk lysingsblad og lokalaviser den 20.03.2002. Kunngjeringane finn du også på Brønnøysundveven.
Dersom det er behov for fordeling på kommunar, må de ta kontakt med Rekneskapsregisteret.


Talet på innsendingspliktige selskap som ikkje har sendt inn årsrekneskapen for rekneskapsåret 2000 innan 1. mars fordelt på fylke:

Fylke

Rekneskapsår 2000

Rekneskapsår 1999

ØSTFOLD

57

40

AKERSHUS

134

140

OSLO

346

329

HEDMARK

23

12

OPPLAND

18

14

BUSKERUD

49

48

VESTFOLD

44

38

TELEMARK

15

16

AUST-AGDER

8

13

VEST-AGDER

16

13

ROGALAND

54

38

HORDALAND

85

82

SOGN OG FJORDANE

11

7

MØRE OG ROMSDAL

33

33

SØR-TRØNDELAG

47

52

NORD-TRØNDELAG

21

15

NORDLAND

46

37

TROMS

30

27

FINNMARK

23

18

TOTALT

1 060

972

Mengda av innsendingspliktige AS/ASA

137 700

133 536

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673