Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Pressemelding 02.04.2002

Bokmål

Kvartalstal frå Konkursregisteret:

Ein tredel er personlege konkursar

Det ble registrert ein nedgang på 6,6 prosent i talet på konkursar første kvartal 2002 samanlikna med same periode i fjor. Talet på personlege konkursar aukar derimot sterkt. 326 av konkursane er personlege konkursar, og utgjer ein tredel av alle konkursane. Så langt i år har 970 selskap gått konkurs mot 1 039 ved utgangen av mars i 2001. Talet på tvangsavviklingar har i same periode vore 356 mot 616 i fjor, ein nedgang på heile 42 prosent.

Konkursregisteret får melding frå skifterettane om alle konkursopningar. I tillegg blir det registrert når føretak blir tvangsavvikla etter reglane i konkursloven. Det skjer for eksempel når eit føretak ikkje leverer årsrekneskap, manglar revisor eller ikkje har komplett styre. Tendensen for dei siste åra har vore at talet på tvangsavviklingar har gått nedover.

Kva som er årsaka til den store auken personlege konkursar er vanskeleg å seie. Etter ein nedgang i fjor, er tendensen så langt i år ein kraftig auke for denne gruppa. Dei fleste av dei personlege konkursane er knytta til konkursar i enkeltmannsføretak.

Gjengangarar

Forutan dei personlege konkursane er det spesielt innafor bransjane butikk- og handelsverksemd, hotell- og restaurantnæring og byggje- og anleggsverksemd at det har vore mange konkursar og tvangsavviklingar i første kvartal i år. 147 butikkar med forskjellige typar vareutval gjekk konkurs og 57 ble tvangsavvikla i perioden. Innanfor hotell- og restaurantnæringa var det 74 konkursar og 37 tvangsavviklingar og for bygg- og anleggsnæringa var tala 68 konkursar og 30 tvangsavviklingar.

Geografisk fordelt

Det er Sogn og Fjordane som har hatt den største auken i talet på konkursar. 22 selskap i Sogn og Fjordane gjekk konkurs i første kvartal, ein auke på heile 37,5 prosent. Deretter følgjer Møre og Romsdal og Vestfold, begge med ein auke på 32 prosent. Størst nedgang har det vore i Oppland (47 prosent), Finnmark og Buskerud (begge med 36 prosent).
Når det gjeld tvangsavviklingar har den største auken vore i Oppland (60 prosent) følgt av Nord-Trøndelag (50 prosent). Størst nedgang i tvangsavviklingar har det vore i Vest-Agder (88 prosent), Aust-Agder (78 prosent) og Møre og Romsdal (69 prosent).

Flest med låg ansvarskapital

Det er selskap med låg eller utan ansvarskapital som har høgst tal på konkursar og tvangsavviklingar. Så langt har det vore 342 konkursar i selskap utan registrert ansvarskapital. Blant selskapa med inntil 100 000 kroner i ansvarskapital var det 332 konkursar og 269 tvangsavviklingar, mens det i skiktet mellom 100 000 og 500 000 kroner i ansvarskapital var 187 konkursar og 76 tvangsavviklingar.

Konkurskarantenar

Pr. 31. mars var det 699 personar som hadde konkurskarantene. I dei tre første månadane fekk 85 nye personar konkurskarantene, dei fleste i Oslo (15), Akershus (13) og Nordland (9). Skifteretten kan gje ein person konkurskarantene dersom han eller ho med rimeleg grunn blir mistenkt for ei straffbar handling i samband med sjølve konkursen eller verksemda som har ført til konkursen. Skifteretten kan også dømme ein person til karantene dersom vedkommande ved uforsvarleg forretningsførsle er funne uskikka til å stifte, vere dagleg leiar eller styremedlem i eit nytt selskap.

___________________________________________________________________________________________

Til redaksjonen:

Nedanfor finn du ei oversikt over talet på konkursar og tvangsavviklingar fordelt på fylke for første kvartal 2002 samanlikna med same periode i fjor. Oversikta viser også konkurskarantener pr. 31. mars 2002. For ytterligare informasjon, ta kontakt med avdelingsdirektør for Lausøyreavdelinga, Eirik Kristiansen, telefon 75 00 79 06 eller kontorsjef ved Konkursregisteret, Karl Erik Rørmark, telefon 75 00 79 89.

____________________________________________________________________________________________

Talet konkursar, tvangsavviklingar og konkurskarantenar 1. kvartal 2002 samanlikna med same periode 2001:

Konkurser

Tvangsavviklinger

Konkurskarantener

Fylke

2002

2001

Endring %

2002

2001

Endring %

2002

2001

Østfold

65

56

16,1

18

21

-14,3

2

28

Akershus

98

122

-19,7

36

38

-5,3

13

90

Oslo

202

206

-1,9

101

241

-58,1

15

134

Hedmark

30

39

-23,1

11

9

22,2

2

32

Oppland

27

51

-47,1

8

5

60,0

2

26

Buskerud

38

59

-35,6

22

24

-8,3

6

62

Vestfold

49

37

32,4

16

29

-44,8

5

39

Telemark

38

51

-25,5

7

11

-36,4

4

22

Aust-Agder

13

18

-27,8

4

18

-77,8

1

15

Vest-Agder

24

32

-25,0

3

25

-88,0

0

11

Rogaland

68

55

23,6

37

28

32,1

5

48

Hordaland

57

78

-26,9

22

48

-54,2

0

14

Sogn og Fjordane

22

16

37,5

4

5

-20,0

1

2

Møre og Romsdal

49

37

32,4

8

26

-69,2

3

24

Sør-Trøndelag

50

41

22,0

13

28

-53,6

2

28

Nord-Trøndelag

23

24

-4,2

9

6

50,0

3

18

Nordland

53

51

3,9

19

28

-34,5

9

45

Troms

47

42

11,9

10

12

-16,7

4

23

Finnmark

14

22

-36,4

8

13

-38,5

2

7

Ishavsøyene

0

1

-100,0

0

0

0,0

0

0

Utenlands

1

0

100,0

0

0

0,0

5

28

Ukjent

2

1

100,0

0

0

0,0

1

3

Sum

970

917

1,4

345

598

-42,3

85

699

 

 

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673