Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Pressemelding 23.08.2001

Bokmål

14 000 har ikkje sendt inn årsrekneskap

Kvart tiande selskap hadde ikkje sendt inn årsrekneskap for rekneskapsåret 2000 til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund da fristen gjekk ut 1. august. Det mangla 14 321 årsrekneskap da fristen gjekk ut, det utgjer 10,4 prosent. Av desse har 916 selskap meldt frivillig oppløysing i Føretaksregisteret. Selskap som ikkje har overhalde fristen, må betale forseinkingsgebyr inntil rekneskapane er sende inn og godkjende.

Omtrent som tidlegare år

- Årets resultat er omtrent som tidlegare år, rundt ti prosent overheld ikkje fristen. I fjor hadde vi eit spesielt år, fristen var forlengd til 1. september grunna overgang til nytt lovverk for rekneskapsåret 1999. Det hjelpte mange etternølarar til å komme seg i hamn. I år er vi tilbake til det normale. Likevel skal vi ikkje gløyme at dei fleste innsendingspliktige overheld fristen, seier leiar ved Rekneskapsregisteret Sverre Hovland.

Nesten halvparten er gjengangarar

Av dei 14 321 som ikkje har sendt inn årsrekneskapane sine er 5 982 gjengangarar frå tidlegare år. Av dei som ikkje har sendt inn 2000-rekneskapen er det 3 247 selskap som tidlegare har forsømt å sende inn ein gong, 1 494 to gonger og 1 241 tre eller fleire gonger.

- Vi ser med uro på at ein så stor del av dei innsendingspliktige er gjengangarar frå år til år, seier Hovland.

Forseinkingsgebyr

Selskap som ikkje sender inn årsrekneskap innan utløpet av fristen, får eit forseinkingsgebyr. Dette gebyret aukar veke for veke inntil rekneskapen er motteken og godkjend av Rekneskapsregisteret eller selskapet er sletta i Føretaksregisteret. Dei første åtte vekene er gebyret 655 kroner pr. veke. Dei neste ti vekene aukar gebyret til 1 310 kroner pr. veke, og deretter aukar gebyret til 1 965 kroner pr. veke.

Forseinkingsgebyret blir ilagt selskapet, og styremedlemmene har solidarisk ansvar dersom selskapet ikkje kan betale. Dersom selskapet ikkje har oppfylt innsendingsplikta innan seks månader etter at fristen gjekk ut (1. februar), vil Rekneskapsregisteret starte prosessen med tvangsavvikling av selskapet.

 

Nedanfor følgjer statistikk over manglande årsrekneskap fordelt på fylker:

FYLKE

01.08.2001

01.09.2000

Østfold

600

395

Akershus

1661

1092

Oslo

4160

2642

Hedmark

283

167

Oppland

256

164

Buskerud

688

425

Vestfold

538

332

Telemark

317

179

Aust-Agder

158

125

Vest-Agder

301

203

Rogaland

862

490

Hordaland

1482

868

Sogn og Fjordane

217

154

Møre og Romsdal

630

488

Sør-Trøndelag

673

400

Nord-Trøndelag

225

148

Nordland

633

390

Troms

438

307

Finnmark

189

160

Ishavsøyane

10

3

TOTALT

14321

9132

 

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673