|
Personvernombodet har som si viktigste oppgåve å vere ein oppdatert ressursperson til nytte for brukarane og organisasjonen vår. Gjennom nær kjennskap til Brønnøysundregistra sin aktivitet og grunnlaget for Brønnøysundregistra si handsaming av personopplysningar har personvernombodet eit godt utgangspunkt for å ta tak i personvernrettslege problemstillingar som oppstår.
I tillegg har ombodet som oppgåve å ta tak i personvernutfordringar på eige initiativ, og ombodet er kontaktpersonen vår overfor Datatilsynet.
Brønnøysundregistra har hatt personvernombod med heimel i personopplysningsforskrifta sia 1. september 2008.
Datatilsynet om personvernombod-ordninga
Kontaktinformasjon:
Elisabeth Lilleholt: elisabeth.lilleholt@brreg.no
Brønnøysundregistra, 8910 Brønnøysund
Telefon 75 00 78 61
|