Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Brukarundersøkinga 2010

Nynorsk

Hovudkonklusjonen frå brukarundersøkinga 2010 er at brukarane våre er svært godt fornøgde med oss. På ein skala frå 1 til 5 scorar vi over 4 på fleire viktige område. 81,4 prosent av brukarane er godt fornøgde. Dei som bruker tenestene våre mest, er også dei som har best inntrykk av oss. 2 511 personar har svart på undersøkinga via nettet.

–Undersøkinga viser at brukarane er fornøgde med tenestene våre og med den servicen vi gir. Det at vi får tilbakemelding på at vi gjer ein god jobb gir motivasjon til alle som arbeider ved Brønnøysundregistra, seier kommunikasjonsdirektør Mette Siri Brønmo.

Brukarane sine haldningar til etaten Brønnøysundregistra
Vi blir i stor grad oppfatta som ein tillitsskapande myndigheitsutøvar og datakjelde, vi gjer næringslivet si samhandling med norsk forvaltning enklare, og vi har høg kvalitet og tryggleik på tenestene våre. Fleire enn 70 prosent av brukarane gir oss karakter 4 og 5 på desse påstandane, der 5 er heilt einig. Frå 2 til 6 prosent gir oss karakter 1 og 2 på desse påstandane, der 1 er heilt ueinig.

Brukarane våre er godt fornøgde med oss

Brukarane våre har talt: Dei er godt fornøgde med den jobben vi gjer.
Foto: ZOOMROOM/Hans Olav Forsang

Forbetringspotensial
Den årlige brukerundersøkelsen skal gi oss svar på våre brukeres kjennskap, bruk og tilfredshet med ulike tjenester i Brønnøysundregistrene. Resultatene bruker vi til å forbedre våre produkter og tjenester. Resultatene fra årets undersøkelse viser at vi må jobbe mer med å tilrettelegge våre elektroniske løsninger for de som ikke bruker tjenestene våre så ofte.

Les rapporten frå brukarundersøkinga 2010



Synovate si profilundersøking 2010
Brønnøysundregistra kjem på 7. plass blant 83 etatar. Effektivitet og økonomisk styring og openheit og informasjon er dei to områda vi gjer det best på, rangert som høvesvis nummer 2 og 5. På felta samfunnsansvar, og kompetanse og fagkunnskap fell vi litt ned på lista, som høvesvis nummer 17 og 18. Denne undersøkinga er utarbeidd av Synovate.

Les rapporten frå profilundersøkinga 2010



       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673