|
 |
|
Tilsette ved Brønnøysundregistra.
Foto: Bo Mathisen. |
Brønnøysundregistra utviklar og driv mange av dei viktigaste registra og elektroniske løysingane i samfunnet. Forvaltning av Altinn, samordning av data i offentleg sektor og rettleiingstenester er sentrale oppgåver som gjer kvardagen enklare for næringslivet.
Visjon
Vi skal vere verdsleiande til beste for norsk næringsliv og forvaltning.
Brønnøysundregistra sine hovudoppgåver er:
- skape tillit, både som datakjelde og myndigheitsutøvar
- forenkle næringslivet si samhandling med det offentlege
- gjere norsk forvaltning enklare
Oversikt gir økonomisk tryggleik
Veldig mykje av registerdrifta ved Brønnøysundregistra handlar om å halde oversikt over kven som har forplikta seg til kva. Lausøyreregisteret gjer det mogeleg å pantsetje gjenstandar, fordi både låntakar og långivar stolar på at nokon tek vare på kva som er avtalt mellom partane. På same måte sikrar Føretaksregisteret og Einingsregisteret at det ikkje skal oppstå tvil om kven som har påteke seg ulike typar ansvar. Openheit og oversikt motverkar økonomisk kriminalitet. Påliteleg og sakleg informasjon gir økonomisk tryggleik.
Nøkkeltal:
- Nesten 2,5 millionar dokument blei behandla hos oss i 2010.
- I databasane våre blei det gjort 140 millionar oppslag i 2010.
- Meir enn 31 000 nye enkeltpersonføretak blei registrerte i Einingsregisteret i 2010, 6 300 av desse blei også registrerte i Føretaksregisteret.
Samordning og forenkling
Brønnøysundregistra har ei nøkkelrolle i arbeidet for å gjere næringslivet sitt forhold til det offentlege så enkelt som mogeleg. Som ansvarleg for fellesportalen Altinn, gjer vi informasjon og skjema tilgjengeleg på ein stad. Vi utviklar SERES som beskriv kva data det offentlege samlar inn frå bedriftene. SERES gjer gjenbruk enklare og fører til færre skjemaspørsmål til den einskilde. Vi har også ansvaret for ELMER-retningslinene, som sikrar at dei skjema som framleis er nødvendige, er så enkle som mogeleg, med einsarta utforming og funksjonalitet som er lett å kjenne att. I botnen syter Einingsregisteret for at alle offentlege etatar kan samarbeide og utveksle data gjennom eit felles organisasjonsnummer.
Nøkkeltal:
- Brukarundersøkinga for 2010 viser at 89 prosent av dei spurde har levert inn og rapportert offentlege skjema gjennom altinn.no.
- I 2010 blei 43 prosent av alle meldingar til Føretaksregisteret leverte gjennom Altinn.
God kundeservice
Brønnøysundregistra yter god service til kundane våre. I løpet av året tek vi telefonen 490 000 gonger. I 2010 og 2011 vann vi Kundeserviceprisen i klassa offentleg sektor på Call Center dagane.
Vil du vite meir om kva vi gjer og kven vi er? Sjå i menyen til venstre.
|