Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Nynorsk innhald på Brønnøysundregistra sine nettsider

Brønnøysundregistra sin nettstad oppfyller dei krava som lovgjevinga stiller til språkleg jamstilling. Vi følgjer Lov om målbruk i offentleg teneste, som krev at sentrale statsorgan skal veksle mellom å nytte bokmål og nynorsk. Inga målform skal vere representert med mindre enn 25 prosent (jf. Forskrift om målbruk i offentleg teneste, § 6).

Innhald på begge målformer

• Alle nyheiter og pressemeldingar blir publiserte både på nynorsk og bokmål.

• Storparten av dei sidene som informerer om tenestene våre blir skrivne på begge målformene.

• Alle skjema og rettleiingar som er tilgjengelege for nedlasting på nettstaden vår, vil vere på både bokmål og nynorsk.

• På ei bokmålsside vil det oftast vere ein knapp som lenkjer til den nynorske utgåva av sida, og omvendt.

Vil bli betre

Vi strevar etter å gje nynorskbrukarane eit stadig betre tilbod på nettsidene våre. Men med dei tekniske løysingane vi nyttar i dag, vil blant anna resultatsidene for søketenestene våre bli presenterte på bokmål. Dei fleste menyane vil og vere på bokmål. Brønnøysundregistra arbeider for tida med å lage ein nettstad som vil få fullverdige versjonar på begge målformene.

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673