(01.12.2011) Skal du melde fråval av revisjon til Føretaksregisteret i år? Då må du sende inn meldinga elektronisk via Samordna registermelding i Altinn.
– Fristen for å sende inn meldingar om fråval på papir til Føretaksregisteret gjekk ut 30. november, men elektroniske meldingar som er innsende innan 10. desember vil vi gjere vårt beste for å få behandla før årsskiftet, seier underdirektør Øyvind Vågan.
Fråval av revisjon av årsrekneskapen
Små aksjeselskap kan velje bort revisjon når driftsinntektene er under fem millionar kroner, balansesummen er under 20 millionar kroner og gjennomsnittleg tal på tilsette utfører ti årsverk eller mindre.
Det er viktig at føretaka følgjer korrekt framgangsmåte og at riktige vedlegg følgjer meldinga:
Korleis vedta fråval?
- Selskapet si generalforsamling gir styret fullmakt til å vedta at årsrekneskapen ikkje skal reviderast.
- Styret vedtek å nytte seg av denne fullmakta.
Kva vedlegg skal eg leggje ved?
- Protokoll frå generalforsamling
- Protokoll frå styremøte
For at du skal kunne bruke elektronisk registrering, må du må kunne laste opp vedlegg og signere meldinga elektronisk i Altinn. Meir informasjon om Samordna registermelding i Altinn.
|