Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Registrering av tilknytingar mellom einingar i Frivilligregisteret

Bokmål

(29.06.2010) Frå juni 2010 kan frivillige organisasjonar melde tilknytingar til einingar i Frivilligregisteret (FV). Det vil seie at ein frivillig organisasjon kan registrere dei organisatoriske samanhengane ei eining har til andre lokalledd, regionalledd eller sentralledd.

Ifølgje Frivillighetsregisterlova § 6 skal opplysningar om tilknyting mellom einingar (relasjonelle forhold) bli registrerte i FV. Vidare går det fram av § 4 b. i forskrift til lov om register for frivillig verksemd at med tilknyting til ei gruppe einingar meiner ein kontakttilhøve mellom sentralledd og anna registreringseining. Anna registreringseining kan vere regionalledd og lokalledd.

1. Kort om tilknytingar mellom einingar i Frivilligregisteret

For å synleggjere tilknytingar mellom einingar som er registrerte i FV, må sentralledd no melde opplysningar om dette til FV Det skal meldes tilknytninger mellom sentralledd, regionalledd og lokalledd.

 



Figuren viser eksempel på tilknytingar mellom einingar i ein organisasjon.

2. Tidspunkt for innmelding av tilknytingar mellom einingar til Frivilligregisteret

Alle einingar det blir meldt inn tilknytingar for må vere registrerte i FV Sentralleddet vil finne informasjon om kva einingar som er registrert i FV ved å nytte søkjefunksjonen. Brønnøysundregistra tilrår at sentralledda melder inn tilknytingar mellom einingar samla så raskt som mogeleg, slik at tilknytingar mellom einingar blir gjorde synlege i FV.

3. Korleis melde inn tilknytingar mellom einingar til Frivilligregisteret

Nedanfor finn du overordna informasjon om innmelding av tilknytingar. Sjå rettleiing for meir detaljert informasjon om innmelding av tilknytingar. 3.1. Kven kan melde inn tilknytingar Berre sentralledd kan melde inn tilknytingar mellom einingar. Dette blir gjort ved at sentralleddet med e-post sender inn ei fil med opplysningar til Brønnøysundregistra. Meldingsberettiga person(ar) registrert i Einingsregisteret (kontaktperson, dagleg leiar eller forretningsførar) må sende e-posten.

3.2. Førstegongsregistrering

Når alle einingar det skal meldast inn tilknytingar for er registrerte i FV, kan fil med tilknytingar bli sendt til Brønnøysundregistra for førstegongsregistrering.

3.3. Utmeldingar lokalledd

Lokalledda kan sjølv melde fjerning av tilknytingar ved å sende brev til FV Lokalledd, regionalledd og sentralledd vil bli orienterte om utmeldinga.

4. Informasjon om tilknytingar

Lokalledd vil få tilsendt brev om registreringa av tilknytingar til sentralledd og eventuelt regionalledd, og registerutskrift frå FV. Sentralledd og regionalledd vil få orientering om registrerte tilknytingar mellom einingar. Sentralledd blir også gjort merksam på eventuelle forhold som må korrigerast/ blir følgt opp.

Søkjefunksjonen for Frivilligregisteret inneheld opplysningar om registrerte tilknytingar for registrerte einingar.

5. Rettleiing og meir informasjon om tilknytingar

Rettleiing for innmelding av tilknytingar.

Dersom du har spørsmål som gjelda samla registrering av tilknytingar mellom einingar i Frivilligregisteret, kan du kontakte Brønnøysundregistra på telefon 75 00 75 00.

Her finn du meir informasjon om Frivilligregisteret

Frivilligregisteret (FV)

Frivilligregisteret (FV) opna i desember 2008. Per 29. juni 2010 var 18 781 einingar registrerte i FV. FV skal betre og gjere enklare samhandlinga mellom frivillige organisasjonar og offentlege myndigheiter.

Nyhetsarkiv

Innsending av årsrekneskap – fråval av revisjon

Framtids- og jobbmuligheter i Brønnøy

Minstekravet til aksjekapital i AS blir sett ned til 30 000 kroner

Fråval av revisjon

Styringsgruppen anbefaler nybygg

Engelske blankettar frå Brønnøysundregistra


Kurs om Boside - konkurs

Høringsinnspill om nybygg

Høring - nytt bygg for Brønnøysundregistrene

Vil du effektivisere skjema-arbeidet?

Gode elektroniske tilbud gjør papirblanketter overflødige

Kvalitetssikra rapport om framtidige registerlokale

Reservasjonsregisterets datafon fases ut

Venter mange registreringer før årsskiftet

Mange kurs ved Brønnøysundregistrene i høst

Lang saksbehandlingstid for papirmeldingar – bruk Altinn

Litauen tilgjengelig i European Business Register

Brønnøysundregistrene åpner dørene

Registrering av tilknytninger i Frivillighetsregisteret

Lær å utvikle tjenester i Altinn

Enklere tilgang til offentlige data

Momskompensasjon? Hugs registrering i Frivilligregisteret

Roser kurs i elektronisk dialog

Kassevis med «askepost» til Brønnøysund

Altinn trenger flere med spesialkompetanse

Få plasser igjen på vår-kursene

Ros etter kurs-serie hos Skatteetaten

Semantic Days 2010: Ord er viktige

Bostyrer – opptatt av effektivitet og lei av papirdokumenter?

Altinn får medhald i Personvernnemnda

Endring i registrering for merverdiavgift

Enklere elektronisk dialog med arbeidsgivere

Kurssenteret med innholdsrik kurs-vår

Serbia tilgjengeleg via EBR

Er du trygg mot identitetstyveri?

Frist for levering av årsregnskap

Omvisning på Brønnøysundregistrene

Sender ut 13 000 påminninger til NUF

Personinformasjon trygg hos Brønnøysundregistra

Utvidet mulighet til å reservere seg mot telefonsalg

Flere organisasjonsformer kan registreres elektronisk

Nye næringskoder tilgjengelig i Enhetsregisteret

Etterlengta sommarjobbar for jusstudentar

Frivillighetsregisteret har registrert organisasjon nummer 10 000

Fødselsnummer i Brønnøysundkatalogen

Slovenia tilgjengelig med foretaksinformasjon i EBR

Vellykket kamp mot skjemaveldet

Innholdsrik kurs-vår ved Brønnøysundregistrene

Meld inn foreningen din i Frivillighetsregisteret

Nytt land og nye produkter i European Business Register

 

 

Flere saker

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673