(08.06.2010) Forskrift om momskompensasjon for frivillige organisasjonar tok til å gjelde 7. juni. Med dette blir det etablert ei tilskotsordning som skal gi kompensasjon for meirverdiavgift etter søknad frå frivillige organisasjonar, på opp til 396 millionar kroner i 2010. Sentrale einingar og einskildståande søkjarar som skal søkje om momskompensasjon for 2009 må vere registrerte i Frivilligregisteret. Fristen for å søkje Lotteri- og stiftelsestilsynet om momskompensasjon er 1. september 2010.
Einingar som ikkje allereie er registrerte i Frivilligregisteret må sørgje for at dette skjer
innan 15. september. Sjekk her om organisasjonen din er registrert i Frivilligregisteret. Det er enklast og raskast å sende melding til Frivilligregisteret gjennom Altinn.
Lokale og regionale einingar treng ikkje å vere registrerte i Frivilligregisteret i år. Desse søkjer momskompenasjon for 2009 gjennom den sentrale eininga i organisasjonen. Neste år må også desse vere registrerte i Frivilligregisteret for å kunne søkje om momskompensasjon for 2010.
Les Kulturdepartementet si pressemelding om forskrift om momskompensasjon
Informasjon om Frivilligregisteret: Kontakt gjerne Brønnøysundregistra, telefon 75 00 75 00, dersom du har spørsmål om registrering i Frivilligregisteret.
Informasjon om den nye momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar: Kontakt Lotteri- og Stiftelsestilsynet, telefon 57 82 80 00.
|