Altinn får halde fram med å logge fødselsnummer og tilhørande IP-adresse. Det betyr ingen endringar for Altinn-brukarane, men vi kan halde sikkerheten i Altinn-løysinga oppe og bidra til å gjere arbeidet i ID-tyverisaker enklare for politiet.
Då Altinn hadde tilsyn frå Datatilsynet i mai 2008, kom det pålegg om å endre praksis med logging av fødselsnummer og tilhøyrande IP-adresse. Pålegget vart klaga inn for Personvernnemnda. Personvernnemnda konkluderte med at det fanst tungtvegande årsaker til at Altinn skulle få halde fram med å logge desse opplysingane.
Ikkje lett tilgjengeleg
Medhaldet frå Personvernnemnda fører ikkje til dårlegare personvern for Altinn-brukarane. Som Altinn-brukar har du allereie stadfesta identiteten din når du loggar på. Altinn veit kven du er fordi du frivillig har fortalt oss det. Informasjonen om IP-adresser er ikkje lett tilgjengeleg.
- Politiet kan få utlevert ei IP-adresse frå Altinn og få vite frå internettleverandøren kva abonnement som var tildelt IP-adressa på eit gitt tidspunkt. Andre enn politiet må ha ei rettsleg avgjerd for å gjere det same. Det er dermed eit svært avgrensa tilgjenge til å samanstille IP-adresse og abonnement-informasjon, men politiet sitt tilgjenge til dette er viktig for å kunne oppklare saker om ID-tyveri, forklarar Ståle Norum Engen, jurist ved Avdeling for E-forvaltning og infrastruktur ved Brønnøysundregistra, som er sentralforvaltar av Altinn.
http://www.personvernnemnda.no/vedtak/2009_14.htm
|