(14.12.2009) 21. desember blir det informasjonsmøte ved Brønnøysundregistra, for studentar og andre aktuelle tilbake- og innflyttarar.
Brønnøysundregistra, i samarbeid med Brønnøy kommune og Torgar Næringshage AS, arrangerer informasjonsmøte om jobbmoglegheiter i Brønnøy. Målgruppa er studentar og andre som måtte vurdere å flytte til området.
Det opne informasjonsmøtet blir halde i tilknyting til jula, i håp om å nå studentar og andre aktuelle personar som gjestar slekt og venner på Sør-Helgeland i samband med ferien.
Brønnøysundregistra og Brønnøy kommune vil presentere behova sine for kompetanse og fortelje om jobbmoglegheiter. Torgar Næringshage vil orientere om det generelle behovet for arbeidskraft i regionen.
Informasjonsmøtet er gratis og finn stad ved Brønnøysundregistra 21. desember kl. 12.00–13.30. For dei som måtte ønskje det, blir det etter møtet høve til å få ei kort omvisning ved Brønnøysundregistra.
Velkomen!
|