(07.12.2009) Det skal framleis vere utsett frist for å unngå forseinkingsgebyr ved elektronisk levering av årsrekneskap gjennom Altinn.
Finansdepartementet har vedteke at ordninga med utsett frist for å unngå forseinkingsgebyr skal vidareførast i to år. Dette gjeld dei einingane som leverer elektronisk, ved å nytte Rekneskapsregisteret sitt skjema i altinn.no.
Dei som sender inn årsrekneskap elektronisk gjennom Altinn, har ein månad ekstra på seg for å unngå forseinkingsgebyr.
– Absolutt siste frist for å levere på papir er før 1. august, dersom ein skal unngå forseinkingsgebyr. For dei som nyttar Altinn er siste frist før 1. september, dersom ein skal unngå gebyr, seier underdirektør Harald Alstad ved Rekneskapsregisteret.
Vidareføringa av ordninga med utsett frist for å unngå forseinkingsgebyr gjeld rekneskapsår som er avslutta mellom 1. juli 2004 og 30. juni 2011. For dei som har avvikande rekneskapsår gjeld andre fristar.
|