Statens innkrevjingssentral overtar klagebehandling av forseinkingsgebyr
(21.12.2009) Fra 1. januar 2010 får Statens innkrevjingssentral ansvaret for klagebehandling av saker som gjeld forseinkingsgebyr.
Til no har Finanstilsynet (tidlegare Kredittilsynet) hatt ansvaret for desse klagebehandlingane, men i ei forskrift har Finansdepartementet bestemt at ansvaret blir overført til Statens innkrevjingssentral. Forskrifta tre i kraft 1. januar 2010.
Statensinnkrevjingssentral har frå før av ansvaret for innkrevjing av forseinkingsgebyra på vegner av Brønnøysundregistra, og blir no også klageinstans for Rekneskapsregisteret sine avslag på søknad om ettergiving av forseinkingsgebyr.
Det er lovbestemt at årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding seinast skal sendast til Rekneskapsregisteret før 1. august året etter rekneskapsåra, for å unngå forseinkingsgebyr. For dei som sender inn elektronisk gjennom Altinn er siste frist før 1. september, dersom ein sjkal unngå gebyr. Dersom desse fristane ikkje blir overhaldne, må ein betale forseinkingsgebyr fram til innsendingsplikta er oppfylt. Rekneskapsregisteret kan etter nærmare vilkår heilt eller delvis ettergi forseinkingsgebyret. Ein kan klage på avslag på søknad om ettergiving, og frå 1. januar overtek Statens innkrevjingssentral behandlinga av slike klagesaker.
I samband med overgangen til ny klageinstans, har Rekneskapsregisteret sidan 15. desember førebels stansa oversending av klagesaker. Slike saker vil no bli samla opp og sendt til Statens innkrevjingssentral etter nyttår.
|