(18.12.2009) Konseptvalutgreiinga (KVU) frå Brønnøysundregistra sitt «Forprosjekt lokale» er klar. Tre alternativ blir tekne med til vidare behandling i prosjektet: Rehabilitering/påbygg i Havnegata og nybyggalternativa Hovøya vest og Hestvadet nord.
Det er gjennomført ein alternativanalyse i prosjektet KVU Nye lokale. Utgreiinga er gjennomført etter Finansdepartementet sitt kvalitetssikringssregime i «prosjekters tidligfase». Analyseprosessen består av fire trinn: Behovsanalyse, strategi, kravspesifikasjon og til slutt alternativanalyse. Samfunnet sine behov på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå er kartlagde.
Alternativa
Dei aktuelle alternativa er baserte på oppdragsframstillinga og prioriterte krav i utgreiinga.
Samfunnsøkonomisk tilnærming har vore grunnleggjande for alternativanalysen, og er i hovudsak utarbeidt på grunnlag av ein nytte-/kostnadsanalyse.
Rangering
Alternativanalysen gir følgjande rangering og score basert på forventningsverdiar:
ALTERNATIV |
LOKALISERING |
SCORE |
TOTALKOSTNADER |
Alternativ 1 |
Rehabilitering/påbygg |
4,43 |
717,5 mill. |
Alternativ 2.1 |
Hovøya vest |
4,17 |
780,0 mill. |
Alternativ 2.2 |
Hestvadet nord |
4,13 |
779,6 mill. |
0-alternativet |
Drift som i dag |
0,00 |
531,6 mill. |
Alternativ 1 er som vist det beste alternativet ut frå evalueringskriteria. Nybyggalternativa har tilnærma lik score, men Alternativ 2.1 Hovøya er marginalt betre enn Alternativ 2.2 Hestvadet nord.
Alternativ 1 representerer størst uvisse, basert på stor forskjell i vurderinga av investeringskostnader frå huseigar og Statsbygg.
Uvisseanalysen viser at alle alternativa, unnateke 0-alternativet, har ei reell moglegheit til å bli det beste alternativet.
Konklusjon
Det blir tilrått at Alternativ 1 Rehabilitering/påbygg, Alternativ 2.1 Hovøya vest, og Alternativ 2.2 Hestvadet nord blir tekne med til vidare behandling i neste fase i prosjektet.
Vegen vidare
No er det Nærings- og handelsdepartementet som tek saka vidare gjennom kvalitetssikring og val av alternativ. Målet er at ei endeleg avgjerd skal vere teken før sommarferien.
Dokument
|