Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Foretaksregisteret ventar mange registreringar før årsskiftet

Bokmål

(10.09.2009) På bakgrunn av erfaring frå tidlegare år ventar Føretaksregisteret også i år at mange vil sende inn meldingar som dei ønskjer registrerte før årsskiftet. For at registrering skal kunne gjerast innan utgangen av året, bør innsendarane vere klar over ein del føresetnader:

• Fusjon, fisjon, kapitalnedsetjing1 og avvikling

Melding om vedtak av fisjon, fusjon, kapitalnedsetjing (gjeld nedsetjing av aksjekapital, overkursfond, utdeling av utbytte, konsernbidrag ) og avvikling må vere Føretaksregisteret i hende innan 25.september 2009.

Gjennomføringsmelding kan vere datert tidlegast dagen etter kreditorfristen er gått ut. Meldinga bør sendast til Føretaksregisteret snarast etter dette. Gjennomføringsmelding som er Føretaksregisteret i hende etter 12. desember 2009 kan vere vanskeleg å få registrert innan utgangen av året.

• Andre meldingar

Andre typar registermeldingar klarer Føretaksregisteret normalt å behandle innan utgangen av året dersom dei er mottekne før 30.november. Meldingar som kjem inn etter denne datoen kan vere vanskeleg å få registrert innan utgangen av året.

– Vi minner om at meldingsblanketten må vere korrekt utfylt og at dei nødvendige vedlegga også må vere korrekte. Feil i utfylt melding og ukorrekte/manglande vedlegg vil gi unødig meirarbeid og forseinkingar i registreringsarbeidet, seier underdirektør Øyvind Vågan ved Føretaksregisteret.

Hugs at revisorerklæring må vere i original og at den som har signaturrett må signere meldinga.

Raskare registrering på Internett

Gjennom tenesta for elektronisk registrering kan du registrere nye einingar og føretak i Einingsregisteret og Føretaksregisteret. Du kan også melde endringar og nye opplysningar om noverande einingar eller melde frå om oppløysing og sletting.

Det er mange fordelar ved elektronisk registrering: Utfyllinga er enklare og det er lett å oppdage feil undervegs. Du leverer registermeldinga når det passar deg, og saksbehandlingstida blir kortare.

Om elektronisk registrering
Altinn

Elektronisk registrering gjeld førebels for desse organisasjonsformene:
• Allmennaksjeselskap
• Aksjeselskap
• Ansvarleg selskap
• Ansvarleg selskap med delt ansvar
• Partrederi
• Enkeltpersonføretak
• Foreining/lag/innretning
• Konkursbu

Andre begrensningar i løysinga



 














Nyhetsarkiv

Innsending av årsrekneskap – fråval av revisjon

Framtids- og jobbmuligheter i Brønnøy

Minstekravet til aksjekapital i AS blir sett ned til 30 000 kroner

Fråval av revisjon

Styringsgruppen anbefaler nybygg

Engelske blankettar frå Brønnøysundregistra


Kurs om Boside - konkurs

Høringsinnspill om nybygg

Høring - nytt bygg for Brønnøysundregistrene

Vil du effektivisere skjema-arbeidet?

Gode elektroniske tilbud gjør papirblanketter overflødige

Kvalitetssikra rapport om framtidige registerlokale

Reservasjonsregisterets datafon fases ut

Venter mange registreringer før årsskiftet

Mange kurs ved Brønnøysundregistrene i høst

Lang saksbehandlingstid for papirmeldingar – bruk Altinn

Litauen tilgjengelig i European Business Register

Brønnøysundregistrene åpner dørene

Registrering av tilknytninger i Frivillighetsregisteret

Lær å utvikle tjenester i Altinn

Enklere tilgang til offentlige data

Momskompensasjon? Hugs registrering i Frivilligregisteret

Roser kurs i elektronisk dialog

Kassevis med «askepost» til Brønnøysund

Altinn trenger flere med spesialkompetanse

Få plasser igjen på vår-kursene

Ros etter kurs-serie hos Skatteetaten

Semantic Days 2010: Ord er viktige

Bostyrer – opptatt av effektivitet og lei av papirdokumenter?

Altinn får medhald i Personvernnemnda

Endring i registrering for merverdiavgift

Enklere elektronisk dialog med arbeidsgivere

Kurssenteret med innholdsrik kurs-vår

Serbia tilgjengeleg via EBR

Er du trygg mot identitetstyveri?

Frist for levering av årsregnskap

Omvisning på Brønnøysundregistrene

Sender ut 13 000 påminninger til NUF

Personinformasjon trygg hos Brønnøysundregistra

Utvidet mulighet til å reservere seg mot telefonsalg

Flere organisasjonsformer kan registreres elektronisk

Nye næringskoder tilgjengelig i Enhetsregisteret

Etterlengta sommarjobbar for jusstudentar

Frivillighetsregisteret har registrert organisasjon nummer 10 000

Fødselsnummer i Brønnøysundkatalogen

Slovenia tilgjengelig med foretaksinformasjon i EBR

Vellykket kamp mot skjemaveldet

Innholdsrik kurs-vår ved Brønnøysundregistrene

Meld inn foreningen din i Frivillighetsregisteret

Nytt land og nye produkter i European Business Register

 

 

Flere saker

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673