(24.07.2009) Frå 1. Juli var Serbia sine opplysningar om næringslivet og aktørane der tilgjengelege via EBR. Dei opplysningane Serbia tilbyr er namnesøk i føretak, føretaksprofil og roller i føretak. Med Serbia i EBR er alle medlemslanda frå 2008 med. No er det berre dei nye medlemslanda Litauen og Guernsey som ikkje tilbyr produkta sine via EBR.
European Business Register er ei nett-teneste for alle som treng å vite noko om næringslivet og næringslivsaktørar i Europa. 24 europeiske land samarbeider om EBR. Der kan du finne opplysningar om 20 millionar føretak. For å bruke tenesta må du ha passord og betale på forskot med kredittkort.
Til EBR
|