(29.07.2009) No kan du teste kor bevisst du er på å verne om din eigen identitet. Kan du nok, er sjansen mindre for at du kan bli utsett for identitetstjuveri.
Identitetstjuveri er eit aukande problem i Noreg. Dersom forbrukarar og verksemder blir utsette for dette, kan dette på sikt føre til at ein misser tilliten til løysingane som finst for vern av personopplysningar. Norsk Senter for informasjonssikring (NorSIS) har sett identitetstjuveri på dagsorden, og starta eit ID-tjuveriprosjekt der Brønnøysundregistra er blant etatane som er med.
Som ein del av prosjektet, er det på nettstaden www.idtyveri.info utvikla ein eigen nettbasert sjølvtest der du kan teste kor oppmerksam du er på å verne om din eigen identitet. I tillegg til å kontrollere kor utsett du er for tjuveri, vil du kunne på nyttige innspel til korleis du kan verne om identiteten din.
|