 |
Den som leverer årsrekneskapen via Altinn kan nyte ferie, sol og sommar med godt samvit ei stund til. Fristen for å levere er 31. august. |
(30.07.2009) 31. juli er siste frist for deg som ønskjer å levere årsrekneskapen i papirform. Leverer du via Altinn har du framleis god tid, der er fristen 31. august.
Ved utgangen av veke 30 har vi motteke 57 870 årsrekneskap i Altinn. Det er ein auke på 17,6 prosent i forhold til same periode i fjor. – Vi konstaterer at utviklinga går i den retninga vi ønskjer, seier underdirektør Harald Alstad ved Rekneskapsregisteret. I forhold til same periode i fjor er det i år 11,9 prosent færre som vel å levere årsrekneskapen på papir.
Enklare, sikrare, raskare
I Altinn ligg dei førehandsutfylte opplysningane, dette gjer leveringa enklare. Du er sikker på å få levert alt korrekt, fordi du får melding dersom noko manglar. Har du i tillegg eit årsoppgjersprogram i bedrifta di som er integrert mot Altinn, er dette absolutt beste måten å gjere det på.
|