 |
Kommunikasjonssjef
Dan-Erik Aggvin |
(10.06.2009) Det er ingen grunn til å vere redd for at personinformasjon frå Brønnøysundregistra skal kome på avvegar slik orapp.no hevdar. I det konkrete dømet dei brukar, der ei fullstendig registerutskrift har vore tilgjengeleg for søkemotoren Google, var det menneskeleg feil hos eininga sjølv som gjorde at opplysningane var tilgjengelege.
Ved registrering av til dømes styret i ei eining, må ein registrere fødselsnummer på dei involverte. Dei einaste som kan få ut desse opplysningane er eininga sjølv, offentlege etatar som har heimel til det og kredittopplysningsbyrå med konsesjon til å behandle personopplysningar. Andre vil berre kunne hente ut ei registerutskrift utan slike personopplysningar.
- Korleis mottakarane av registeropplysningar handsamar dei er sjølvsagt utafor vår kontroll, seier kommunikasjonssjef Dan-Erik Aggvin. - Dei har eit sjølvstendig ansvar for trygg handsaming av opplysningane.
Detaljane om kva som har skjedd i saka som er omtalt av orapp.no, ønskjer ikkje Brønnøysundregistra å gå i detalj om, ut over at det her er snakk om at ei eining sjølv har gjort ei digitalisert utgåve av ei fullstendig registerutskrift synleg for søkemotorar etter ein menneskeleg feil, noko som ikkje har med Brønnøysundregistra å gjere i det heile.
|