 |
– Velkomen til oss! Her finst ikkje dårleg ver, berre godt humør og spennande arbeidsoppgåver, seier den smilande trioen – juridisk rådgivar Lars Eliassen, rekrutteringsansvarleg Aina Melstein og juridisk rådgivar Ståle Norum Engen. |
(07.04.2009) Brønnøysundregistra tilbyr no for første gong fagleg relevante sommarjobbar til jusstudentar. Eit slikt tilbod har ofte stått på studentane si ønskeliste når vi har vore ute på rekrutteringsoppdrag.
Studentane må ha fullført tredje studieår. – Formålet med ei slik ordning er at dei aktuelle kandidatane skal bli kjende med den flotte arbeidsplassen vår, og få ei innføring i fagmiljøet vårt, seier rekrutteringsansvarleg Aina Melstein. – I tillegg til dette vil vi også tilby fadderordning, held ho fram.
Studentane vil få nødvendig opplæring, og vi kan love dei at dei skal bli godt varetekne her.
Ei ekstra gulrot for dei aktuelle kandidatane er at arbeidsgivar dekkjer reise og hybel i perioden dei skal vere hos oss. Grunnen til at vi gjer dette er at fleire då vil kunne nytte dette høvet til å skaffe seg relevant praksis. Vi ser at det vil vere ei utfordring for mange å betale for hybel både på studiestaden og arbeidsstaden i sommarvekene.
|