 |
Hessa-speidarane i Ålesund demonstrerer korleis dei lagar bål. Foto: Hessa-speidarane. |
(31.03.2009) Det var Hessa KFUK-KFUM Speidergruppe i Ålesund som melde seg inn som nummer 10 000.
– Vi er dei første i verda som har etablert eit register som kan kategorisere frivillige organisasjonar, og i tillegg knyte det opp mot ei ordning som Grasrotdelen, seier Bjarne Rosted, Rådgivar i Frivilligregisteret.
– Frivilligregisteret har allereie blitt ein stor suksess, ikkje minst fordi det dannar grunnlaget for Grasrotdelen, seier kulturminister Trond Giske i ei speidarhelsing til Hessa KFUK-KFUM.
Målet med Frivilligregisteret er å medverke til å gjere samarbeidet mellom styresmaktene og organisasjonane både betre og enklare. Registeret var i vanleg drift frå 5. januar 2009. Fram til no er Finnmark det fylket som har registrert flest organisasjonar per innbyggjar.
Sjekk om laget ditt er registrert
Slik kan laget ditt registrere seg
|