(14.11.2008) Brønnøysundregistra er ein av dei offentlege etatane folk liker aller best. Når det gjeld godt omdømme for effektivitet og økonomisk styring, ligg vi på andreplass blant 81 norske etatar og organisasjonar. Nordmenn gir oss også god karakter på openheit og informasjon.
Analyseinstituttet Synovate (tidlegare MMI) kartlegg nordmenne si oppfatning av offentlege etatar. Undersøkinga for 2007 viser at Brønnøysundregistra, som i tilsvarande undersøkingar tidlegare, er blant dei best likte:
Av 81 departement, etatar og tilsyn ligg vi andreplass når det gjeld effektivitet og økonomisk styring, berre med Meteorologisk institutt framom oss. Brønnøysundregistra ligg på sjuandeplass når det gjeld totalinntrykk.
- Brønnøysundregistra jobbar målretta for å få flest mogeleg til å bruke elektronisk registrering gjennom Altinn, korte ned saksbehandlingstidene, gjere brukartenestene lett tilgjengelege og ha ei effektiv og publikumsvennleg opplysningsteneste. Som Synovate peiker på, er nok dette ein del av årsaka til at vi har eit godt omdømme, seier direktør Erik Fossum.
Tre prosent av befolkninga har eit dårleg eller svært dårleg inntrykk av Brønnøysundregistra. Berre Forbrukerrådet (med to prosent) og Meteorologisk institutt (ein prosent) har færre misfornøgde.
I grupperinga «Andre etatar og institusjonar» har Brønnøysundregistra det fjerde beste omdømmet. Framfor oss ligg Meteorologisk institutt, KRIPOS og Politiet.
Når det gjeld openheit og informasjon, ligg vi på sjetteplass totalt og på tredjeplass i grupperinga «Andre etatar og institusjonar».
10 på topp – Effektivitet og økonomisk styring
1. Meteorologisk institutt
2. Brønnøysundregistra
3. Forbrukarombodet
4. KRIPOS
5. Økokrim
6. Forbrukarrådet
7. Riksmeklingsmannen
8. Norges Handelshøyskole - NHH
9. Mattilsynet
10. Statens lånekasse for utdanning
10 på topp - totalinntrykk
1. Meteorologisk institutt
2. KRIPOS
3. Forbrukarombodet
4. Forbrukarrådet
5. Mattilsynet
6. Politiet
7. Brønnøysundregistra
8. Økokrim
9. Datatilsynet
10. Riksmeklingsmannen
10 på topp - Totalinntrykk, Andre etatar og organisasjonar:
1. Meteorologisk institutt 2. KRIPOS 3. Politiet
4. Brønnøysundregistra 5. Riksmeklingsmannen
6.Økokrim
7. Statistisk sentralbyrå 8. Folkehelsa 9. Riksantikvaren 10. Forsvaret
(Kjelde: Synovate, Profilundersøkelse, norske etatar og organisasjonar 2008)
|