 |
|
I 2002 blei ein byste av Bodil Aakre avduka ved Brønnøysundregistra. Ordførar Kjell Trælnes i Brønnøy
kommune (til høgre) sto for avdukinga. Direktør Erik Fossum tok
imot på vegner av Brønnøysundregistra.
|
(10.11.2008) Bodil Aakre, ofte kalla «Brønnøysundregistrenes mor», døde sist laurdag, 86 år gammal.
Bodil Aakre var den enkeltpersonen som meir enn nokon annan var pådrivar for å få Lausøyreregisteret lagd til Brønnøysund, noko som la grunnlaget for Registereininga i Brønnøysund. Ho var den gongen sorenskrivar og ordførar i Brønnøy kommune.
Innsatsen hennar før og under etableringa av registra, førde til at Bodil Aakre fekk tilnamnet «Brønnøysundregistrenes mor». Ho blei i 2002 heidra med ein byste utanfor hovudinngangen til Brønnøysundregistra.
Bodil Aakre har vore stortingsrepresentant og har hatt mange offentlege verv og tillitsverv.
Vi lyser fred over Bodil Aakre sitt minne.
|