(08.10.2008) Ei lovendring som er på trappene vil gjere det lettare for Regkneskapsregisteret å handheve innsendingsplikta hos indre selskap og visse andre organisasjonsformer. Finansdepartementet foreslår at registeret no får tilgang til andre forvaltningsetatar sine opplysningar om dei aktuelle selskapa.
Indre selskap
Indre selskap er eit selskap som ikkje opptrer som eige selskap overfor tredjemann, jf. selskapslova § 2-1 første ledd bokstav c. Partane blir kalla hovudmann og stille deltakar. Ein stille deltakar er deltakar i eit selskap kor det er avtalt at deltakinga ikkje skal synast på utsida og at deltakaren berre har avgrensa ansvar med ein fastsett sum, jf. selskapslova § 1-2 første ledd bokstav d. Hovadmannen er den deltakaren som representerer selskapet på utsida. (Kilde: www.kredittilsynet.no) |
Finansdepartementet foreslår ei endring i rekneskapslova, slik at det blir heimel for å påleggje forvaltningsorgan å gi Rekneskapsregisteret opplysningar om indre selskap og visse andre organisasjonsformer. Dermed får Rekneskapsregisteret ein reiskap til å finne ut kven som som er innsendingspliktige.
Indre selskap har inga registreringsplikt, men har sidan 2005 hatt ordinær rekneskaps- og innsendingsplikt. Til liks med ein del andre organisasjonsformer, som for eksempel samvirkeføretak, økonomiske foreiningar, andre foreiningar, enkeltpersonføretak og utanlandske føretak (NUF), har indre selskap innsendingsplikt dersom dei overskrir visse terskelverdiar. Dette kan for eksempel vere ein nedre grense på salsinntekt eller talet på tilsette.Hittil har det ikkje vore mogeleg for Rekneskapsregisteret å sjekke kva for indre selskap og visse andre einingar som reelt sett overskrir desse terskelverdiane og dermed har rekneskapsplikt.
– Vi er avhengige av å hente ut opplysningar frå andre etatar. For å kunne gjere dette, må vi ha heimel til å hente ut slike data. Vi ser det som viktig at alle som har plikt til å utarbeide og sende inn årsrekneskap med vidare blir likt, både behandla i forhold til å få informasjon om rekneskaps- og innsendingsplikta og når det gjeld å sette i verk sanksjonar dersom plikta ikkje blir overhalden. Med dei tiltaka som Finansdepartementet no foreslår å gjennomføre, vil vi få dei nødvendige reiskapane som skal til, seier underdirektør Harald Alstad Ved Rekneskapsregisteret.
Brønnøysundregistra arbeider vidare med å leggje til rette for å ta imot opplysningar frå andre etatar.
Les meir om lovendringsforslaget i Odelstingsproposisjon nr. 1 (2008-2009)
|