(18.09.2008) Brønnøy kommune var den fyrste til å gjennomføre jegerprøveeksamen heil-elektronisk. Frå nyttår vil ein kunne gjere dette i heile Noreg.
Frå før av har to andre kommunar prøvt ut ei elektronisk løysing kor prøveresultata måtte leggjast inn manuelt etterpå. Den modellen som Brønnøy kommune er fyrst med å bruke, har berre elektronisk behandling. Prøveresultata går rett inn i Jegerregisteret og jegeravgiftskort blir med ein gong sendt ut.
– Når jegerprøva er gjennomført, kan jegeren allereie neste dag gå inn på betalingsløysinga hos Jegerregisteret, og gå på jakt straks avgifta og jaktkortet er betalt, seier Ole Morten Kvaløy ved Jegerregisteret.
Jegerprøva online er eit prosjekt som det har vore jobba med sidan 2004, og som endeleg er på plass. Prosjektet er eit samarbeid mellom Noregs Jeger- og Fiskerforbund, Direktoratet for naturforvaltning, Norsk Test AS og Brønnøysundregistra/Jegerregisteret.
Formålet med prosjektet og testen som blei gjennomført i Brønnøy var å prøve ut systemet før det blir standard for jegerprøveeksamen.
Alle kommunane i Noreg vil få høve til å arrangere jegerprøva online frå 1. januar 2009.
|