(05.09.2008) Frå i dag av kan du tinge og betale jegeravgiftskortet på Miside.no.
Betalingstenestene for å tinge og betale jegeravgiftskort har no blitt tilgjengeleg i Altinn og på Miside.
– I tillegg kan du bruke tenesta «Dine opplysningar i Jegerregisteret» på Miside, opplyser Ole Morten Kvaløy ved Jegerregisteret.
Dette er tenester som blir brukte av mange jegerar, spesielt omkring oppstarten av jaktsesongen. At tenestene no kan nåast både på Altinn og Miside, gjer tilbodet meir tilgjengelege for brukarane. For å nytte tenestene for tinging og betaling av jegeravgiftskortet på Miside, bruker du pinkodane frå frå skattekortet den første gongen du loggar deg inn. Etterpå kan du få nye kodar tilsende på SMS.
– Vi har innfritt eit ønske om at betalingsløysingane for jegeravgiftskortet skal bli tilgjengelege på Miside. Ettersom også vi er ein del av offentleg sektor, tykkjer vi at dette er naturleg, seier Hilde Majala, som på overordna nivå er ansvarleg for dei tenestene Brønnøysundregistra har i Altinn og på Miside.
Bestilling og betaling av jegerkortet kjem i tillegg til to andre av Brønnøysundregistra sine tenester som allereie er tilgjengelege på Miside: Reservasjonsregisteret og Mine hefte i Lausøyreregisteret.
|