
Underdirektør Harald Alstad ved Rekneskapsregisteret minner om fristen for årsrekneskap.
(24.07.2008) Fristen for innsending av årsrekneskap nærmar seg, men dei som sender inn årsrekneskap elektronisk gjennom Altinn vil også i år ha ein månad ekstra på seg. Medan den ordinære innleveringsfristen er før 1. august, er det for Altinn-brukarane tidsnok å levere før 1. september.
– Vi presiserer at årsrekneskap som blir sendt inn via Altinn skal vere levert før 1. september, seier underdirektør Harald Alstad ved Rekneskapsregisteret. Men då må også rekneskapen vere utan manglar, slik at det kan godkjennast.
Unngå forseinkingsgebyr
Årsrekneskapen må sendast til Rekneskapsregisteret før 1. august - eller før 1. september om rekneskapen blir levert elektronisk. Skal eininga unngå forseinkingsgebyr, må komplett rekneskap, dvs. årsrekneskap med årsmelding og eventuell revisjonsmelding, vere innsendt før den datoen. Er ikkje dokumenta innsendt før fristen, kjem forseinkingsgebyr til. Gebyret aukar veke for veke til rekneskapen er levert.
Elektronisk dialog
Rekneskapsregisteret har etablert ein elektronisk dialog med Altinn-brukarar. Det inneber mellom anna at når årsrekneskapen er handsama, får brukaren ei elektronisk tilbakemelding på om det er godkjent eller ikkje.
Når årsrekneskapen er godkjent hos Rekneskapsregisteret, blir det kunngjort på nettsidene til Brønnøysundregistra.
|