(30.06.2008) Føretaksopplysningar frå Storbritannia er no gjort tilgjengelege i European Business Register (EBR). Med dette kan nettenesta no tilby tilgang til føretaksinformasjon frå til saman 18 europeiske land.
Mange har venta lenge på at også Storbritannia skulle kome med på lista. Det er derfor gledeleg å melde at britiske føretaksopplysningar no er tilgjengelege med produkta namnesøk føretak og føretaksprofil. Også Ukraina tilbyr no desse produkta.
Makedonia, Serbia og Slovenia er nye medlemsland som etter kvart vil tilby opplysningar gjennom nettverket. Nokre land vil også lansere nye produkt i løpet av 2008. Estland er om kort tid ute med eit nytt produkt: Resultatrekneskap, balanse og kontantstraumoppstilling (engelskspråkleg produkt). Vidare blir det venta at årsrekneskap frå Danmark og Finland blir tilgjengeleg gjennom EBR i løpet av året.
European Business Register er eit samarbeid mellom føretaksregistra i 21 europeiske land. Tenesta gir deg tilgang til pålitelege og oppdaterte opplysningar om europeiske føretak rett frå kjelda, som er dei einskilde landa sine offisielle føretaksregister.
Meir om EBR
Til EBR
|