(16.05.2008) Dei to siste månadene har vore ein suksess for heil-elektronisk registrering ved Lausøyreavdelinga. Gjennom skreddarsydde elektroniske løysingar for bobehandling og utvida registrering av utleggsforretningar i Lausøyreregisteret har Brønnøysundregistra stadfesta posisjonen sin som leiande innanfor norsk e-forvaltning.
- Gjennom elektronisk konkursregistrering i Altinn har kvart enkelt konkursbu fått si eiga vevside, som blir kalla boside. Her kan bostyrarane og Konkursregisteret utveksle informasjon. Etter at bosida var etablert 1. mars, har elektronisk kommunikasjon med Konkursregisteret stige frå 20 til 60 prosent. Meir enn 50 prosent av bostyrarane nyttar i dag denne heil-elektroniske løysinga, som er enkel, med låg brukarterskel, seier underdirektør Karl Erik Rørmark ved Konkursregisteret.
Den markerte bruken av bosidene skuldast ikkje minst at Brønnøysundregistra har gjort ein grundig marknadsføringsjobb for denne løysinga, med gjennomføring av i alt 18 kurs på ulike stader i landet.
Heil-elektronisk utvida registrering av utleggsforretningar i Lausøyreregisteret har og gitt merkbare resultat, ettersom all registrering av slike saker no skjer utan manuell saksbehandling. Alle meldingar blir kontrollerte elektronisk, blir elektronisk lagra og blir sendt ut elektronisk til kredittopplysningsbyrå med konsesjon for å motta denne typen informasjon.
- Dette er optimal, heil-elektronisk saksbehandling, som fungerer veldig godt, trass i at ei monaleg mengd saker går gjennom denne elektroniske saksbehandlingsløypa kvar månad. Systema våre har gjort Lausøyreregisteret i stand til å auke delen av elektroniske registreringar til godt over 50 prosent sia mars månad, seier avdelingsdirektør Eirik Kristiansen.
Dei elektroniske løysingane som har gjort dette spranget mogeleg, er fullt ut utvikla ved Brønnøysundregistra si eiga IT-avdeling.
- Takka vere at Brønnøysundregistra har eit særs kompetent IT-miljø, har det vore mogeleg å utvikle denne heil-elektroniske saksbehandlingsløypa, i samarbeid med Statens Innkrevingssentral. IT-avdelinga har ein vesentleg del av æra for at Brønnøysundregistra no tek store skritt i bygginga av den norske e-forvaltninga, seier Kristiansen.
|