(10.04.2008) I februar varsla Føretaksregisteret 12 allmennaksjeselskap (ASA) - med kunngjering på www.brreg.no og i lokalavis - om at dei hadde fire veker på seg til å oppnå riktig kjønnsbalanse i styret. Viss ikkje, ville selskapa bli sende til tingretten for tvangsoppløysing.
Dei fleste av dei aktuelle selskapa har i mellomtida oppfylt kravet til å rette opp styresamansetjinga. Tre av allmennaksjeselskapa som opphavleg fekk varsel er endra til aksjeselskap.
To av dei berørde allmennaksjeselskapa har meldingane sine til handsaming i Føretaksregisteret. Også desse ligg an til å bli godkjende, seier underdirektør Øyvind Vågan ved Føretaksregisteret.
|