(02.01.2008) Frå 1. januar 2008 gjeld den nye lova om samvirkeføretak. Lova klargjer rettstilstanden på samvirkeretten sitt område, legg til rette for auka bruk av organisasjonsforma samvirkeføretak, samtidig som ho varetek samvirkeføretaket sitt særpreg som organisasjonsform. Mange etablerte økonomiske foreiningar, partlag som til dømes veglag og garasjelag, og andre selskap med avgrensa ansvar er bygde på samvirkeprinsipp og vil sokne til lova.
Nokre hovudtrekk ved lova
Lov av 29. juni 2007 nr. 81 om samvirkeforetak tar til å gjelde 1. januar 2008. Dette inneber at for samvirkelag som blir stifta etter dette tidspunktet, vil heile lova gjelde, medan det for samvirkelag som er stifta før lova trådde i kraft, vil gjelde nokre overgangsreglar i ein nærare avgrensa tidsperiode (sjå nedanfor).
Samvirkeføretak er ei samanslutning som har til hovudføremål å fremje dei økonomiske interessene til medlemene med at desse deltek i verksemda til føretaket, anten som forbrukarar, leverandørar eller på annan liknande måte. Avkastninga, bortsett frå ei normal forrenting av eventuell innskoten kapital, blir stort sett verande i verksemda eller fordelt mellom medlemene på grunnlag av omsetninga dei har med føretaket. Ingen av medlemene ber personleg ansvar for føretaket sine plikter.
Eit samvirkeføretak må alltid stiftast av minst to personar og skal alltid ha minst to medlemer. Både fysiske og juridiske personar kan vere stiftarar. Lova stiller minstekrav til kva stiftingsdokumentet og vedtektene skal innehalde.
Det blir ikkje stilt krav til minstekapital ved stifting av eit samvirkeføretak. Stiftarane kan likevel fastsetje at det skal betalast innskotskapital.
Eit samvirkeføretak er registreringspliktig i Føretaksregisteret og skal meldast til Føretaksregisteret seinast tre månader etter at det er stifta.
Eit samvirkeføretak skal ha eit styre på minst tre medlemer, med mindre vedtektene fastset at det berre skal vere to. Samvirkeføretak med meir enn 1 000 medlemer på det tidspunktet styre blir valt, vil vere underlagd krav til kjønnsrepresentasjon i styret etter nærare reglar.
Eit samvirkeføretak skal ha ein dagleg leiar, med mindre vedtektene seier noko anna.
Lova inneheld reglar om fusjon, fisjon og omdanning.
For ei fullstendig oversikt finst lovteksten på Lovdata.
Føretaksnamn
Føretaksnamn for samvirkeføretak skal inneholde ordet samvirkeføretak eller forkortinga SA
Overgangsreglar
For dei samvirkelaga som er stifta før 1. januar 2008, vil det gjelde ein fem års overgangsperiode. Dette inneber at desse må ha innretta seg etter samvirkelova før 1. januar 2013. Det er likevel ikkje noko i vegen for at dei innrettar seg etter lova på eit tidlegare tidspunkt. Samvirkelova vil gjelde fullt ut frå det tidspunktet desse er registrerte i Føretaksregisteret.
Dei aller fleste etablerte samvirkelaga er i dag registrerte som selskap med avgrensa ansvar (BAD) eller økonomiske foreiningar (sjå nedanfor). Ein kan likevel ikkje seie heilt sikkert at samvirkelova vil gjelde for alle selskap med avgrensa ansvar eller økonomiske foreiningar. For å finne ut om dette er tilfelle, må ein vurdere vedtektene pog føremåla til dei einskilde einingane, sett opp mot samvirkelova sin definisjon av og krav til eit samvirkeføretak. Denne vurderinga må eininga sjølv gjere.
Når eininga har fått på det reine at den er eit samvirkeføretak etter samvirkelova, må eininga gjere dei nødvendige endringane i vedtektene, dei registrerte opplysningana, føretaksnamnet og så vidare. Endringane må vere melde til Føretaksregisteret før overgangsperioden til lova er slutt, og seinast innan tre månader etter at eininga har fatta vedtaket om å innrette seg etter lova.
Registrering
Ved nyregistrering av eit samvirkeføretak skal samordna registermelding nyttast. Organisasjonsforma må inntil vidare skrivast inn i blanketten sitt felt for ”andre merknader”. Føretaket skal sjølv melde om dei er omfatta av reglane om krav til kjønnsrepresentasjon i styret eller ikkje. Dette skal ein også skrive inn i blanketten sitt felt for ”andre merknader”.
Den same framgangsmåten vil gjelde for noverande samvirkelag når dei innrettar seg etter lova ved å registrere seg som samvirkeføretak. Dette skal meldast som endringar/nye opplysningar.
Elektronisk registrering er førebels ikkje tilgjengeleg for samvirkeføretak.
Brønnøysundregistra har gjort dei nødvendige tilpassingane i systema sine og er klare til å ta i mot samvirkeforetaka frå 1. januar 2008.
Ei økonomisk foreining har som føremål å fremje dei økonomiske interessene til medlemene ved sjølv å utøve økonomisk verksemd på medlemene sine vegner.
Endringar for gjensidige forsikringsselskap og bustadbyggjelag
Samtidig med samvirkelova blir det innført reglar om krav til kjønnsrepresentasjon i styret for gjensidige forsikringsselskap og bustadbyggjelag. Sjå forsikringslova § 5-3 og bustadbyggjelagslova § 6-4a. Noverande føretak med desse organisasjonsformene må sende melding til Føretaksregisteret med eit styre som er i tråd med reglane, seinast to år etter at samvirkelova tok til å gjelde, det vil seie før 1. januar 2010.
|