(31.12.2007)
Frå 1. januar 2008 blir gebyra reduserte for ei rekkje registreringstenester ved Brønnøysundregistra. Å registrere eit selskap vil bli frå 500 til 1 000 kroner billegare ved elektronisk registrering gjennom Altinn - avhengig av selskapsform. Også informasjon frå registra vil bli billegare frå nyttår..
– Ei viktig målsetjing med prisreduksjonen er å stimulere til auka bruk av elektronisk registrering og bestilling, seier avdelingsdirektør Håkon Olderbakk ved Brønnøysundregistra. Han kan fortelje at registreringsgebyret for eit selskap med avgrensa ansvar vil bli redusert frå 6 000 til 5 000 kroner, og for andre selskap frå 2 500 til 2 000 kroner ved elektronisk registrering gjennom Altinn.
I tillegg oppfyller vi regjeringa sitt ønske om å gjere gebyra for registrering i Foretaksregisteret kostnadsbaserte. Det vil seie at gebyra berre skal dekkje kostnadene ved tenesta. Det vil også bli billegare å bestille registerutskrift frå Lausøyregisteret, Føretaksregisteret, Einingsregisteret og Rekneskapsregisteret.
Les pressemeldinga frå Nærings- og handelsdepartementet
|