(31.10.2007) European Business Register (EBR) held fram med å ekspandere med nytt produkt og fleire medlemsland.
Nettenesta European Business Register (EBR) har no kome med eit nytt produkt frå Noreg som inneheld rolleoversyn på person.
Med å søke fødselsnummer er det mogeleg å få presentert kva roller personen står registeret med i Føretaksregisteret. Rolleoversyn på person kan og hentast fram via produktet Roller i føretaket.
Nye medlemsland
European Business Register (EBR) er eit samarbeid mellom føretaksregistera i 21 europeiske land. Gjennom EBR får du tilgang til pålitelege og oppdaterte opplysningar om europeiske føretak rett frå kjelda, som er dei einskilde landa sine offisielle føretaksregister.
15 av medlemslanda tilbyr føretaksinformasjon på nett. I løpet av 2008 vil landa Serbia, Ukraina, Nederland og England ha føretaksinformasjon tilgjengeleg på nettet gjennom EBR Nyleg blei Makedonia og Slovenia tekne opp som nye medlemsland.
Meir om EBR
Tilgang til EBR
|