(25.05.2007) Brønnøysundregistra si elektroniske bestillingsløysing blir meir og meir populær. Å bestille og få produkta sende elektronisk, går mykje raskare enn om du bestiller via telefon, e-post eller liknande. No kan du også betale med VISA eller MasterCard.
VISA eller MasterCard
For at det skal vere enklast mogeleg å bruke den elektroniske bestillingsløysinga vår, er det no også mogeleg å betale med VISA eller MasterCard, i tillegg til den tradisjonelle giroen. Å bruke bestillingsløysinga er gratis. Det einaste du treng er brukarnamn og passord, som du får når du registrerer deg som brukar.
Levering på e-post
Du kan blant anna bestille årsrekneskap, føretaksopplysning og pantopplysningar som blir leverte direkte til e-posten din med ein gong du har bestilt. I tillegg til at det er raskare, kan det også bli billigare. For eksempel er prisen på årsrekneskap meir enn halvert i forhold til om du ringjer inn bestillinga di.
|