(13.04.2007) Dei som sender inn årsrekneskap elektronisk gjennom Altinn vil også i år ha ein månad ekstra på seg. Mens den ordinære innleveringsfristen er før 1. august, er det for Altinn-brukarane tidsnok å levere før 1. september.
- Vi presiserer at årsrekneskap som blir send inn via Altinn skal vere levert før 1. september, seier avdelingsdirektør ved Næringsavdelinga, Ketil Ingebrigtsen. Men då må også rekneskapen vere utan manglar, slik at vi kan godkjenne han.
Også konsernrekneskap
Nytt av året er at også morselskap i konsern som skal sende inn både selskapsrekneskap og konsernrekneskap kan levere gjennom Altinn. Dette skulle opne for ein god del fleire elektronisk innenda årsrekneskapar.
Elektronisk dialog
Rekneskapsregisteret har etablert ein elektronisk dialog med Altinn-brukarar. Det inneber blant anna at når årsrekneskapen er send inn, får brukaren ei elektronisk tilbakemelding på om han er godkjend eller ikkje.
Utsetjing som verkemiddel
Det er tredje året på rad Finansdepartementet gjennom ei forskriftsendring gir utsett frist til dei som leverer årsrekneskapen elektronisk gjennom Altinn. Utsetjinga er eit verkemiddel for å få fleire til å levere årsrekneskapen elektronisk. Finansdepartementet si forskriftsendring som opnar for utsetjing kom 30. mars i år.
Les meir om elektronisk innsending av årsrekneskap hos Altinn
|