 |
(Frå venstre til høgre:) Stein Brekk, Jostein Nybakken, Signar Slåttøy og Sverre Hovland reiser landet rundt for å fortelje om fordelane ved elektronisk registrering gjennom Altinn. |
(18.04.2007) Ei gruppe skarpskodde registerspesialistar frå Brønnøysund har lagt ut på turne for å stimulere til å ta i bruk den nye elektroniske Samordna registermelding i Altinn. Målgruppa er blant anna revisorar, rekneskapsførarar, tilsette på rekneskapskontor og advokatkontor.
På seminaret lærer du å registrere eit selskap gjennom Altinn, og du får innsikt i alle fordelane ved den elektronisk innsendinga. Dessutan vil du få smakebitar frå andre nyhende frå Brønnøysundregistra. Det blir også godt høve til å stille spørsmål som gjeld registermeldinga, og andre elektroniske løysingar frå Brønnøysundregistra.
Leiaren for kurssenteret - Signar Slåttøy - har med seg leiaren for næringslivsjuristane, leiaren i prosjekt nettbasert registermelding og ein representant frå Rekneskapsregisteret. Turneen starta i Oslo 17. april, og interessa var så stor at det blei sett opp eit ekstra seminar.
Positive tilbakemeldingar
– Det første seminaret i Oslo samla 75 deltakarar. Det skulle love godt for dei komande seminara, seier Signar Slåttøy. Tilbakemeldingane frå dei som har delteke til no, går ut på at kurset er nyttig og målretta, og fører til tidsinnsparingar for brukarane, seier han.
Fordelt på seks intensive dagar blir det heldt sju seminar på seks ulike plassar. Turen går no vidare til Stavanger og Bergen. I byrjinga av mai står Trondheim, Tromsø og Bodø for tur, og det er framleis ledige plassar.
Sjå kurs- og seminaroversikta
Les meir om Samordna registermelding på altinn.no
|