 |
Kari Fiske Tveråmo frå Brønnøysundregistra gav ei innføring i kva opplysningar som finst i registera og korleis ein enkelt kan få tilgang til dei. |
(29.03.2007) Denne veka var nærmare 30 representantar frå næringsliv, advokatfirma, rekneskapsbyrå, journalistar og offentlege etatar samla i Oslo til kurs i regi av Brønnøysundregistra og Statistisk sentralbyrå. Kva opplysningar som finst i registera og korleis ein får tilgang til dei stod på programmet.
Registereininga i Brønnøysund og Statistisk sentralbyrå (SSB) har samla enorme mengder informasjon om norsk næringsliv i databasane sine. Ut frå desse opplysningane kan du for eksempel finne ut korleis det står til med økonomien i eit selskap du har tenkt å inngå samarbeid med, eller om ein person du har tenkt å gjere ein avtale med har vore involvert i konkurs. Dersom du skal etablere eit selskap kan det vere nyttig å finne ut kor mange andre selskap som driv tilsvarande verksemd i nærområdet ditt, kor mange slike selskap som er starta dei siste åra og kor mange som har gått konkurs. Alle desse opplysningane finst hos Brønnøysundregistra og SSB – i tillegg til mykje annan nyttig informasjon.
Mykje tilgjengeleg informasjon
– Dei færraste veit kva mengder av informasjon om norsk næringsliv som ligg i databasane hos Brønnøysundregistra og SSB Og enda færre er klar over at det aller meste av informasjonen er offentleg – og dermed mogeleg å hente ut for alle som måtte ønskje det. Desse ønskjer vi å gjere kjent for publikum, seier kursleiar ved Brønnøysundregistra, Signar Slåttøy. Brønnøysundregistra og SSB arrangerer derfor med jamne mellomrom kurs, der deltakarane lærer meir om kva slags informasjon som finst og korleis dei kan få tilgang til den.
– Mykje av informasjonen kan faktisk hentast direkte eller bestillast ved hjelp av somme ganske få tastetrykk på Internett, seier Slåttøy.
Mange ulike kurs
Brønnøysundregistra arrangerer kvart år mange ulike kurs. Kurs i føretaksregistrering blir halde faste to gangar i året, og i april skal det køyrast ein serie kurs ulike stader i landet om den nye løysinga for elektronisk innrapportering til Einings- og Føretaksregisteret. SSB på si side tilbyr blant anna kurs i søk etter informasjon på nettsidene sine, og begge etatane har kurs spesielt tilpassa journalistar og informasjonsbehovet deira.
Les meir om kurstilbod frå Brønnøysundregistra
Les meir om kurstilbod frå Statistisk sentralbyrå
|