(05.03.2007) Frå 1. mars er det mogeleg å rapportere jakt- og fangstutbytte til Statistisk sentralbyrå via Internett. I fjor valde halvparten av jegerane å rapportere elektronisk.
Alle som har betalt jegeravgift for jaktåret 2006/2007 er pålagt å innrapportere jakt- og fangstutbytte til Statistisk sentralbyrå (SSB). Dette kan no enkelt gjerast via SSB sine nettsider <http://jakt.ssb.no/>. Alt du treng for å bruke tenesta er jegernummer og fødselsdato. Jegernummeret finn du på jegeravgiftskortet frå i fjor.
Viktig å halde fristen
Plikta til å melde inn jakt- og fangstutbytte gjeld sjølv om du ikkje har vore på jakt siste jaktår, eller om du har vore på jakt utan å få utbytte. Fristen for å rapportere er 1. mai 2007. Jegerar som ikkje rapporterer innan fristen, får ei tilleggsavgift på NOK 165. Tilleggsavgifta vil bli lagd til jegeravgifta neste år.
Dersom du føretrekkjer å bruke papirskjema, vil rapportskjemaet som vanleg vere vedlagt jegeravgiftskortet for jaktåret 2007/2008 som blir sendt ut i veke 12.
Rapporter jakt- og fangstutbytte til SSB
|