(19.03.2007) Jegeravgiftskort for jaktåret 2007/2008 blir i desse dagar sendt ut frå Jegerregisteret til 260 000 norske og utanlandske jegerar. Betaling av jegeravgiftskortet kan du gjere raskt og enkelt via nettsidene våre.
For å kunne drive jakt i jaktåret 2007/2008 som startar 1. april, må du ha gyldig jegeravgiftskort. Dersom du allereie er aktiv jeger, vil du få jegeravgiftskortet i posten i løpet av dei nærmaste par vekene.
Betal på nett
Den enklaste måten å betale jegeravgifta på, er via nettsidene våre. Etter nokre dagar vil du då få tilsendt eit gyldig jegeravgiftskort i posten. Dersom du har behov for jegeravgiftskortet før du mottek det i posten, kan du skrive ut ei førebels kvittering som du tek med deg på jakt. Du kan sjølvsagt også betale jegeravgiftskortet på vanleg måte via bank eller nettbank. Dersom du ikkje mottek jegeravgiftskort i posten, kan du bestille det frå nettsidene våre.
Bestilling og betaling av jegeravgiftskort for 2007/2008
Les meir på nettsidene til Direktoratet for naturforvaltning
|