(15.02.2007) Brønnøysundregistra deltek i det internasjonale prosjektet ”Business Register Interoperability throughout Europe” (BRITE). Prosjektet skal etablere elektronisk kommunikasjon mellom europeiske føretaksregister.
– Forbetra kommunikasjon mellom dei ulike handelsregistra vil føre til mindre administrativ belastning for norske selskap som ønskjer å bli aktive i andre europeiske land, seier avdelingsdirektør ved Brønnøysundregistra, Ketil Ingebrigtsen.
Enklare for både næringsliv og handelsregister
Dersom du ønskjer å flytte det norske selskapet ditt over til eit anna europeisk land må du først slette selskapet hos Brønnøysundregistra, og deretter registrere selskapet på nytt i det landet du flytter selskapet til.
– I ein slik situasjon må dei berørde handelsregistera kunne utveksle relevant informasjon på ein formålstenleg måte, seier Ketil Ingebrigtsen engasjert.
Omfattande prosjekt
BRITE er eit omfattande prosjekt som involverer 19 aktørar i Europa. Prosjektet starta i mars 2006 og har ei tidsramme på tre år.
Meir om BRITE
|