 |
Nye versjonar av Brønnøysundregistra sine kurs kjem framover våren. Dyktige fagfolk med lang erfaring stiller opp for at kvar enkelt deltakar skal få størst mogeleg utbytte. Frå venstre: Kursansvarleg Hilde Sund, jurist Sverre Hovland, kursansvarleg Einhild Evensen og jurist Margrethe Meyer Trælvik.
|
(17.01.2007) I februar held Brønnøysundregistra sitt kurs nummer 40 i registrering av føretak. Dei trea mest etterspurde kursa handlar akkurat om registrering og endringar. Kursa gir kompetanse for fleire yrkesgrupper, og i år blir ei gunstig rabattordning sett i verk for dei mest aktive kursdeltakarane.
– Sidan vi arrangerte vårt første kurs i 2001, har mange hundre personar delteke på kursa våre, seier leiaren for kurssenteret, Signar Slåttøy. Saman med staben sin har han planlagt fire faste kurs for vårsesongen:
- Foretaksregistrering 1 – etablering
- Foretaksregistrering 2 – endring
- Foretaksregistrering – fusjon/fisjon
- Brønnøysundregistrene – næringslivets hvem-hva-hvor
For kven?
Målgruppa er rekneskapsførarar, revisorar, advokatar, advokatassistentar og rettleiarar. Kursa er tilrettelagde for å tilfredsstille krava til obligatorisk etterutdanning for advokatar, revisorar og rekneskapsførarar. Dette er med på å gjere kursa ekstra verdifulle.
Rabatt på kurs i registrering
I 2007 vil du få ti prosent rabatt på kursavgifta dersom du deltek på meir enn eitt av dei tre kursa i registrering av føretak, eller dersom fleire frå verksemda di deltek på eitt av desse kursa.
Stor nytte i lang tid
Det er gjennom åra kome mange lovord om Brønnøysundregistra sine kurs, og mange tidlegare deltakarar kan fortelje at dei har brukt kursmateriell og notatar som oppslagsverk i ettertid.
Regelendringar
Men regelverket er ikkje heilt uforanderleg. Derfor er det grunn til å oppdatere seg etter som tida går.
– På kursa i vår vil du bli oppdatert på endringar i aksjeloven, foretaksregisterloven og enhetsregisterloven. Det seier leiaren for juristane ved Brønnøysundregistra si næringsavdeling, Sverre Hovland.
Også spesialkurs
Brønnøysundregistra tilbyr dessutan skreddarsydde kurs for bedrifter, kommunar og andre – i for eksempel registrering av føretak, registrering av kommunale selskap og føretak, tinglysing av panterettar og økonomisikring.
Kursprogram våren 2007
|