 |
Direktør Erik Fossum delte ut blomster til prosjektleiar Stein Brekk (t.v.) og leiar av styringsgruppa, Arnt Kristiansen (t.h.). |
(11.01.2007) I dag lanserer Brønnøysundregistra den elektroniske versjonen av Samordna registermelding i Altinn. Ved hjelp av elektronisk registrering kan næringsdrivande no gjere både registrering og endring av opplysningar heilelektronisk via Altinn.
– Det er ein viktig milestolpe for oss ved Brønnøysundregistra, for Altinn og for utviklinga av elektronisk forvaltning i Noreg vi markerer her i dag. Denne løysinga betyr at mange hundre tusen meldingar og tilbakemeldingar no kan formidlast på ein enklare og billigare måte for næringslivet og for oss, sa direktør Erik Fossum då han opna den nye løysinga.
– Sett internt frå Brønnøysundregistra er dette eit viktig steg på vegen mot å realisere strategien vår om eBR 2010 - fullstendig interaktive elektroniske Brønnøysundregister innan år 2010. Nasjonalt betyr dette at vi er nærmare gjennomføringa av eNorge-planen og Nærings- og handelsdepartementet sin e-strategiplan for næringslivet, sa Fossum.
Leiar for NHO i Nordland, Paul Birger Torgnes, sa at Brønnøysundregistra og Noreg er utruleg langt framme når det gjeld elektronisk forvaltning. Han hadde drive næring i fleire land, og ingen kjem i nærleiken av det Noreg kan tilby.
– Med denne lanseringa er ikkje berre regjeringa si målsetjing oppfylt, men også næringslivet sine ønske. Næringslivet har fram til i dag vore pådrivarar med ønska sine. No har vi likevel fått ei drivkraft internt i forvaltninga som både har kompetanse til å finne løysingar og evne til å gjennomføre dei. Som næringslivsmann er eg glad for at Brønnøysundregistra har fått til dette, og som sør-helgelending er eg stolt over at det skjer her i Brønnøysund, sa Torgnes.
Elektronisk registrering er ei topp moderne løysing for elektroniske skjema. Brønnøysundregistera har i nokre år hatt ei elektronisk løysing, men der måtte brukaren sende inn alle signaturane på papir. Med den nye løysinga vil alle vedlegg kunne lastast opp elektronisk i tillegg til at alle som skal signere meldinga gjer dette elektronisk før meldinga blir send inn.
Brønnøysundregistra håper at den nye løysinga vil gjere nyregistreringar og endringar atskilleg enklare for brukarane, og at mange tek den nye løysinga i bruk. I tillegg til at utfyllinga og innsendinga er enklare, vil brukaren spare tid i postgangen og oppnå raskare saksbehandlingstid.
Les pressemelding
|