 |
F.v. jurist Sverre Hovland, prosjektleiar Stein Brekk og underdirektør Arnt Kristiansen er godt fornøgde med endeleg å kunne tilby ei heilelektronisk Samordna registermelding. |
(30.01.2007) Samordna registermelding kan no både fyllast ut, signerast og sendast inn elektronisk via Altinn. I førre veke blei den nye løysinga demonstrert for ein del av storbrukarane.
Mange advokatsekretærar og advokatfullmektige nyttar Samordna registermelding ofte. På vegne av klientane sine skal dei både registrere nye selskap og endre opplysningar om tidlegare registrerte selskap. Den tidlegare ”halvelektroniske” løysinga kravde at dei først måtte fylle ut sjølve skjemaet elektronisk, for deretter å skrive det ut og få dei riktige underskriftene på plass før dei kunne sende det i posten. Dette var både tidkrevjande og tungvint. Etter at Samordna registermelding blei lansert i Altinn for nokre veker sidan, kan heile jobben gjerast elektronisk - og ein ny kvardag ventar for mange brukarar. I førre veke fekk nokre av dei demonstrert den nye løysinga.
Intelligent skjema
Prosjektleiar Stein Brekk leia gjennomgangen med praktiske eksempel på korleis løysinga fungerer. Han kunne blant anna vise korleis det ”intelligente” skjemaet sørgjer for at dei felta som kjem fram på skjermen, avheng av kva val du har gjort tidlegare i prosessen. På denne måten slepp du å ta stilling til spørsmål og fylle ut felt som ikkje er relevante for deg. Det gjer utfyllinga mykje enklare og meir effektiv. Og det er nett brukskvalitet som har stått i fokus for arbeidet med den nye løysinga:
- Det skal vere enkelt for brukarane å registrere opplysningar hos oss, sa underdirektør Arnt Kristiansen ved Brønnøysundregistra i samband med demonstrasjonen. Og etter responsen i salen å dømme, så verka det som om mange delte den oppfatninga, og gledde seg til å ta i bruk løysinga - sjølv om det også betyr omstilling og nye rutinar.
Ein viktig milestolpe
Brønnøysundregistra har ei ambisiøs målsetjing om at 95 prosent av alle meldingane som blir mottekne skal vere elektroniske innan utgangen av 2010.
- Samordna registermelding utgjer ein stor del av meldingane som kjem inn til Brønnøysundregistra. Å få ei heilelektronisk løysing for dette skjemaet er derfor ein viktig milestolpe for å nå målsetjinga, sa Arnt Kristiansen. Men etaten har ikkje tenkt å kvile på laurbæra sjølv om løysinga no er lansert. Arbeidet med å vidareutvikle løysinga starta umiddelbart etter at første versjon var på lufta.
Handlingsplan for elektroniske tenester
Same dag som demonstrasjonen av Samordna registermelding i Altinn fann stad, lanserte Nærings- og handelsdepartementet ein ny handlingsplan for elektroniske tenester til næringslivet. Altinn er eit viktig verkemiddel for å nå måla i planen. Les meir om dette på Altinn sine heimesider.
|