(04.01.2007) Det blei registrert 70 prosent fleire aksjeselskap i Føretaksregisteret i 2006 enn året før. Ei av årsakene er eit etterslep på rundt 14 000 nye AS i samband med dei endra skattereglane i 2005. Ser vi bort frå dette er det likevel ei rekordhøg mengd nyregistrerte aksjeselskap.
- Auken har vore på 45 prosent når vi ser alle organisasjonsformane under eitt. Ved førre årsskiftet sat vi igjen med 14 000 ubehandla meldingar om nye aksjeselskap som kom inn i desember i samband med endra skattereglar. Desse hadde vi ikkje moglegheit til å behandle før på nyåret i fjor, og dei utgjer ein stor del av voksteren. Samanlikna med tidlegare "normalår" reprtesenterer talet pånyregistrerte aksjeselskap i 2006 ein auke på rundt 60 prosent dersom nyregistreringar grunna endra skatteraglar blir haldne utanfor, seier underdirektør Øyvind Vågan.
Totalt var det ved årsskiftet registrert 382 760 føretak i Føretaksregisteret. Det blei registrert heile 49 163 nye selskap fordelt på alle organisasjonsformene. Det er ein auke på 45 prosent frå året før. Av desse er det 34 813 nyregistrerte aksjeselskap, ein auke på 70 prosent. Det er no registrert totalt 192 168 aksjeselskap i Føretaksregisteret. Det utgjer vel 50 prosent av den totale bestanden i Føretaksregisteret.
Les pressemelding
|