Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Ventar halvparten av årsrekneskapane elektronisk

Bokmål

Underdirektør Gisle Tøgersen ved Rekneskapsregisteret tilrår elektronisk innsending av årsrekneskap gjennom Altinn.

(23.03.2006) Rekneskapsregisteret har i år lagt til rette for elektronisk innsending av årsrekneskap. Frå no av vil ikkje følgjeskrivet «Vedlegg til årsrekneskap» kome i posten til alle innsendingspliktige. Denne endringa blir i år varsla i brev. Fordelane med å sende inn elektronisk er mange. Ein av dei er ein månad lengre frist.

– I år ventar vi at 50 prosent av årsrekneskapane blir sende inn elektronisk gjennom Altinn. Det seier underdirektør ved Rekneskapsregisteret, Gisle Tøgersen. Han gir fleire grunnar for forventningane sine. Ein av dei er at innsendinga går føre seg enkelt og sikkert. Altinn har dessutan eit arkiv som gir alle med sentrale rollar full oversikt over eininga sine eigne skjema. I arkivet blir også status vist for Rekneskapsregisteret si behandling av innsende årsrekneskap.

Sender du inn årsrekneskapen elektronisk, har du også ein månads utsett frist. Elektronisk innsende årsrekneskap for rekneskapsåret 2005 skal vere sende inn før 1. september 2006.

Ved å gi opp e-postadressa i skjemaa våre, vil du få tilbakemelding som fortel om årsrekneskapen blei godkjend eller nekta allereie dagen etter saksbehandlinga.

Skulle du framleis ønskje å sende inn årsrekneskapen i posten, kan du laste ned følgjeskrivet frå Brønnøysundregistra sine nettsider. Ved å skrive inn organisasjonsnummer og rekneskapsår, får du eit førehandsutfylt følgjeskriv som du skriv ut på kvitt papir og legg ved innsendinga slik som tidlegare. For årsrekneskap som blir sende i posten gjeld den vanlege innsendingsfristen – altså før 1. august 2006.

– Men vi håper sjølvsagt at så mange som mogeleg ser fordelane med å sende inn årsrekneskapen elektronisk gjennom Altinn og nyttar seg av det, avsluttar Tøgersen.

 

Nyhetsarkiv

Foretaksregisteret innskjerper krav til enkelte vedlegg

No kan du melde fleire endringar elektronisk

Alvorlig feil i Altinn

Suksess for informasjonsportal

Innsending av årsregnskap - ikke oppdatert skjema i år

Avgjørelse om nybygg før sommeren

Samvirkelag og andelslag må tilpasse seg loven


Minstekravet til aksjekapital i AS blir sett ned til 30 000 kroner

Framtids- og jobbmuligheter i Brønnøy

Fråval av revisjon

Styringsgruppen anbefaler nybygg

Frister - melding til Foretaksregisteret

Engelske blankettar frå Brønnøysundregistra

Kurs om Boside - konkurs

Høringsinnspill om nybygg

Høring - nytt bygg for Brønnøysundregistrene

Vil du effektivisere skjema-arbeidet?

Sommeråpent ved Brønnøysundregistrene

Gode elektroniske tilbud gjør papirblanketter overflødige

Ny tjeneste fra Brønnøysundregistrene i Altinn

Europeiske foretak - ny og forbedret tjeneste

Årsmelding 2010 - Tema samfunnsansvar

Enklere å signere elektronisk

Alle kan sjekke skatten

Altinn åpen for alle, men ikke friskmeldt

Altinn ser ut til å stabilisere seg

Altinn er delvis utilgjengelig

300 000 har nå sjekket selvangivelsen

70 prosent kan nå sjekke skatten

Altinn åpnes gradvis

Gratis informasjon til offentlige etater

Spar tid, penger og miljø - elektronisk registrering

Kunngjøring av fisjon - to endringer

Reservasjonsregisteret 10 år - 1,9 mill. har registrert seg

Vårens kurstilbud 2011

Flere saker

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673